a-laget møter tjørvåg
I morgon laurdag 29 mars møter herrelaget sunnmørslaget Tjørvåg. Kampen har avspark kl.15.00 på Hornindal Stadion.
Vebjørn Nord Haugland, Eid IL er dommar.

HIL har ei fyldig tropp til kampen, men det som er sikkert er at Tore Raftevold ikkje spelar denne kampen eller kamp i det heile på ei god stund. Tore var uheldig å rauk akillessena på trening i Honndalshallen onsdag.
Han vart operert på Volda Sjukehus i går. HIL Fotball ynskjer Tore godbedring og håpar han kjem raskast mogleg tilbake.