Hornindal - Skavøypoll 2-5
Herrelaget tapte i kveld 2-5 for 4. divisjonslaget Skavøypoll på Hornindal Stadion. Tapet var av den fortente sorten, men likevel er det positive ting å  ta med. 
 
 
Sturla scora begge måla i kveld.
 
1 omg. er Skavøypoll det klart beste laget og køyre over HIL i omtrent samtlige 45 min. Ikkje vanskeleg å   sjå divisjonsforskjell på laga.
Omgongens høgdepunkt: når Kristoffer Grodås (keeper) dribla av Skavøypoll sin spiss med ei elegant dragning.
Omgongens nedtur:  når Kristoffer Grodås (fortsatt keeper og samme situasjon som høgdepunktet) skal gjere dribling nr.2, og mislukkast med ei planlagt elegant dragning og 0-2 til Skavøypoll.
Omgongens HIL sjanse: Idar Nedre-Flo vart spelt lekkert gjennom av Sturla, i staden for å ta med ballen skyt Idar på direkten og det heile endar heilt ufarleg,
Pauseres: 0-2 
 
I pausen:
Trenar Steinar Bakka gjer ein del grep og rokkerar på   laget.
 
2 omg. er ikkje mange minutt gamal når Sturla Lødøen reduserar til 1-2. Dessverre går det ikkje lenge før det står 1-3. Sturla reduserar nok ein gong og dermed 2-3.
Deretter scorar Skavøypoll 2 gongar til og sluttresultat 2-5 og ikkje minst meget fortent.
 
Vi takkar Skavøypoll for kampen! Meget verdifull kamp for oss. Det er som sagt ikkje vanskeleg å sjå divisjonsforskjellen, men likevel en del positive ting å   ta med seg frå kampen og då spesielt frå 2.omg. Rokkeringane gav resultat umiddelbart.
So er det kanskje greit å få stadfesta at det må trenast meir på dødball. Det skal ikkje vere so lett å score på oss!!
 
 
Kampfakta
Hornindal - Skavøypoll 2-5 (0-2)
Dommar: Rune Haugland, Haugen IL
Publikum: 8
Temperatur: kaldt! ( I følge Steinar Bakka er det jaggu kaldt, når det e kaldt! ) 
Gult kort: Fredrik Drageset HIL
 
HIL sitt lag
Kristoffer Grodås
Henrik Grodås
Håvard Sollid
Robin Sande
Joachim Gausemel
Fredrik Drageset
Verner Myklebust
Antonio Heggen
Marius Lødøen
Idar Nedre-Flo
Sturla Lødøen
 
Innbyttarar
Isak Fotland Fænn
Alexander Røberg
Torbjørn Flåm
Andreas Seljeset
Sindre Skrede