Seriestarten rett rundt hjørnet!

I desse påsketider er det ikkje nødvendigvis fotball som har stått i høgsetet, men det blir brått alvor når påska er over. I dag er det mandag 21 april og det er 2 påskedag då er det berre 4 dagar til før alvoret startar for Hornindal sitt herrelag. 

Vi i redaksjonen har sondert litt rundt laga i divisjonen, men har ikkje tenkt å gje oss ut på å spå tabellen ved sesong slutt. Vi er trygge på at Anga, Selje, Florø 3 og Eid 2 kjem til å kjempe i toppen og om opprykket. To sterke outsiderar er Bremanger og Jølster. Redaksjonen trur at 5 div. avd. 2 er ei avdeling der "alle kan slå alle" og dermed kan det bli jamnt på tabellen når opprykksplassen skal avgjerast.

Her kan de lese litt om kva vi tenke om dei ulike laga.  

Anga:  
Eit av dei nye laga i avdelinga vår. Anga har spela i avdeling 1 dei siste åra, men har no bytta plass med Eikefjord. Anga blir eit spennande lag, mange rutinerte ringrevar lure i kulissane for å stille seg til disposisjon. Etter at Saga trekte seg frå divisjonssystemet for 2 sesongar sidan er det Anga som no nyte godt av tidlegare Førde-profilar som vil trappe ned med spele 5 div. for klubben. Rykta skal ha det til at dei har 25-30 spelarar i stallen og at tidlegare. Kor treningsvillige og samansett dette laget er veit ikkje vi i HIL fotball, men at Anga kan overraske i avdeling 2 er vi ganske sikre på. Dei kjempa med Årdal 2 og Bjørn om opprykk frå avd. 2 i fjor der Årdal 2 rykte opp til slutt.
 
Breimsbygda:  
Breimsbygda og Møkkalasset (heimesupporterane på Breim) har lagt bak seg ein jubelsesong i fjor som enda med opprykk frå 6 divisjon for Breimsbygda.  Fotballen i Breim har hatt ein solid opptur dei siste åra. Sett utan frå so har dei jobba godt både på og utan for bana. Med våre avgrensa innsikt so ser det ut til at Bjarte Gangeskar har vore ein viktig hærførar med mange engasjerte rundt seg.
Klubben har fått realisert kunstgrasbane på Reed og ikkje minst har dei tilgang på den flotte Trivselshagen på Sandane.  Noko som sjølvsagt over tid vil vise att både på a-lag og rekruttering trur vi. Breimsbygda har fått inn nokre nye spelarar sidane i fjor, og ser ut til å ha ein grei stall.
Nytt trenarteam  er på plass. Ringreven Geir Vie er hovudtrenar med seg har han Hans Førde og NN (manglar namn)  i teamet. Breimbygda er eit av laga som dessverre må kjempe for å unngå botnplassen på tabellen (dvs. 9 plassen)
 

 

Bremanger sin trenarduo f.v. Walter Høvik og Tore Rylandsholm.

Bilde er henta frå Bremanger si heimeside.


Bremanger:
Tore Rylandsholm «vender heim» for andre gong. Han er igjen på plass som spelande trenar etter halvannan sesong i 3 divisjon med Tornado Måløy. Med seg på lasset har han Walter Høvik( eks. Florø) som spelande assistent trenar og dermed er det ein særs spennande trenarduo som styrer skuta i Bremanger og ikkje minst to rutinerte spelarar som åleine vil løfte Bremanger stort i årets sesong. I tillegg er rutinerte Kenneth Fosse Elde med som keeper, om han trenar godt er det få keeperar som held same nivå som han i 5 divisjon i fylket.  Redaksjonen