Fjelløp er ein anna stor lidenskap for Youri.
15 år gamle Youri van der Werve er ein habil hobbyfotograf og vil framover hjelpe oss med å ta bilde på kampane og legge dei ut på nettsida.
Sjekk ut bildegalleriet
Youri er no komen i gong, og har lagt ut bilder frå Honndalscupen under bildegalleri - 2014 - Honndalscupen.
Han er no klar til seriestart og gleda seg til å ta nye blinkskot allereie komande fredag når HIL serieopnar heime mot Florø 3.
Vi i Hornindal IL Fotball er glade for at Youri vil dele bilda med oss og lesarane og ser fram til eit godt samarbeid framover!