Mandag 5 mai møter vi Jølster på bortebane. Kampen vert spelt på gras på Skei Stadion og har avspark kl.20.15!!
Dette er Jølster sin fyrste seriekamp for sesongen, og dei er sikkert spelesugne som få så dette vert ei stor utfordring.
Laget rykte ned frå 4 divisjon i fjor og har nok som mål å hevde seg godt i 5 divisjon.
HIL stille med ein ok tropp. Litt forfall er det, likefullt gledeleg at kaptein/assistent trenar/styremedlem/dommaransvarleg/ altmuligmann Håvard Sollid er tilbake etter smellen han fekk mot Florø 3 i serieopninga.
Det er råd å følge kampen live på: http://www.firda.no/fotball/live/#/matchid/963049
Vi oppdaterar artikkelen søndagkveld.