Firdacup: Kampreferat Hornindal - Loen: 2-5

Resultat: 2-5 (2-0) Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: H.Maurset - Kandal - Haugen - Fannemel Midtbane: K.I.Flom - Solum - A.Maurset - L.K.Flom - T.Bakke Angrep: Taraldset Pga. stort mannefall stilte Hornindal med eit svært ungt og urutingert mannskap til denne kampen. 12 av spelarane mangla pga. skader, eksamen, karantene, etc. Leif Kåre Flom og Ola Sætren sette begge inn sine straffer på ein sikker måte, og Hornindal starta kampen med ei 2-0 leiing. Dette vart ein forsvarskamp, og med unntak av eit frispark i tverrliggaren hadde ikkje Hornindal nokon sjanser i løpet av kampen. Til tross for sitt beste mannskap, sleit Loen tungt i 1. omgang. Dei klarte å kome til ein del sjansar, men Hornindal og keeper Ola Sætren rydda opp i stor stil. Resultatet var dermed forsatt 2-0 leiing til pause. I andre omgang vart spelarane til HIL svært slitne, og Loen scora to billege mål. I løpet av dei siste 7 minutta scora dei yttarlegare 3 mål, og cup-eventyret var dermed over for HIL.