Kampreferat Hornindal - Veten/Hardbagg

Resultat: 2-1 (0-0) Mål Hornindal: Endre Lødemel, Anders Maurset Mål V/H: Alfred Tytingvåg Gule kort HIL: Svein O. N. Solum Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Oppheim - Haugen - Raftevold Midtbane: J. Lødemel - Solum - Ø. Lødemel - Lødøen Angrep: Taraldset - E. Lødemel Hornindal stilte med eit sterkt lag til kampen mot V/H. Ola Sætren som vanleg i mål. I forsvaret starta vi med Per Otto Lien og Andreas Raftevold som backar, og Edvin Haugen og Jan Rune Oppheim som midtstopparar. På midtbana starta Jarle Lødemel og Marius Lødøen på kantene, mens Svein O. N. Solum og Øyvind Lødemel spelte sentralt. På topp starta vi med Endre Lødemel og Stian Taraldset. HIL tok tidleg kommandoen, og det viste lang veg at dei VILLE vinne denne kampen. HIL hadde tidleg nokon gode målsjansar, men V/H var heller ikkje ufarlege framfor mål. Etter første omgang og 4 - 2 i målsjansar stod det 0 - 0. Andre omgang starta som den første slutta. HIL hadde ballen og sjansane. Så fekk HIL straffe. Det var Solum som vart pressa ned av Tytingvåg. E. Lødemel gjorde det enkelt for keeperen til H/V som redda. Ikkje lenge etter fikk E. Lødemel ein løpeball levert av Sindre Fannemel. E. Lødemel vise her styrke, og parkerte forsvararen til H/V. 1 - 0 til HIL. Rett etter dette fikk HIL anulert eit mål for offside. Så kom utligninga. Ein forsvarstabbe viste seg å vere sjebnesvanger for HIL og det stod 1 - 1. Det vart ein spennande avslutning på kampen, men sjansar i begge retningar. Til slutt var det HIL som kunne juble ved at Maurset fikk til eit skot som gjekk inn heilt nede med stolperota. Det har ikkje vore så høg stemning på Hornindal stadion på lenge. Ein fortjent siger til eit ungt lag som vi kjem til å få høyre mykje godt om i tida som kjem.