Spelarvurderingar Hornindal - Veten/Hardbagg: 2-1

Karakterar frå 1 - 6 (1 dårlegast - 6 best) Ola Sætren: Gjer igjen ein solid innsats : 4 Per Otto Lien: Jobbar og slit så lenge han er på bana, men det blir nokon enkle slurvefeil : 3 Edvin Haugen: Er den som har kommandoen i midten bak. Taklar presist, og er god i lufta. Måtte ut med skade : 4 Jan Rune Oppheim: Har vert ute med skade lenge, noko som ein til tider merkar. Blir betre og betre i kampen : 3 Andreas Raftevold: Er kjapp med klareringar, gjer ting enkelt : 4 Jarle Lødemel: Jobbar og slit heile kampen, skapar mykje kaos i V/H sitt forsvar med hurtigheita si : 4 Svein O. N. Solum: Er den som skaper straffa. Har god kontroll på midtbana i første omgang. Velger nokon vanskelige løysingar : 4 Øyvind Lødemel: Kom ikkje skikkelig inn i kampen. Ein del pasningsfeil : 3 Marius Lødøen: Løpskapasitet til tusen. Var god både i angrep og i forsvar : 5 (banens beste?) Endre Lødemel: Brukar farten når han lagar 1 - 0 målet. Er farlig på mange angrep. Burde satt straffa! : 4 Stian Taraldset: Ein OK kamp, men har heilt sikkert meir å gå på : 3 Lars Erik Kandal: Kjem inn som erstattar for Haugen. Gjer ein grei jobb, men ein ser at det har blitt lite kamptrening : 3 Anders Maurset: Vert satt inn i andre omgang. Jobbar godt på midten, er den som avgjer kampen med 29 sek igjen å spele. Burde kanskje hatt to mål : 4 Håvard Maurset: Vert litt ung mot erfarne V/H spelarar. Startar litt famlande, men tek seg opp utover omgangen : 3