Kampreferat Breimsbygda - Hornindal: 3-4

Resultat: 3-4 (2-2) Mål Hornindal: Odd Arne Bergset (3), Endre Lødemel Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Oppheim - Bakke - Kandal Midtbane: J. Lødemel - Solum - Vartdal - Bergset Angrep: Lødøen - E. Lødemel Honndalen opna bra og styrte fullstendig heile første omgang. Vi hadde ca. 10 gode målsjanser i første omgang, men klarte berre å sette to av ballane i nota. Breimsbygda hadde på si side betre uttelling: I første omgang talde vi to sjansar, og dei scora på begge. Etter at Odd Arne var på ramma i pausa (gikk ned ca. 4 kg), og Jarle og Svein Olav fekk plastra seg, var vi klare for andre omgang. Dette vart ein omgang med mykje slurv og mange feilpasningar. Kommunikasjonssvikt mellom forsvar og keeper førte til at Breimsbygda utlikna til 3-3. Honndalen gav aldri opp, og 3 minutt før slutt klarte Odd Arne og setje seiersmålet i nota. Alt i alt ein fortjent siger til Honndalen.