Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Resultat: 3-1 (2-1)
Mål Hornindal: Svein O. N. Solum, Endre Lødemel, Stian Taraldset
Gult kort HIL: Svein O. N. Solum
Startoppstilling:
Keeper: Sætren
Forsvar: Lien - Oppheim - Bakke - Kandal
Midtbane: J. Lødemel - Vartdal (Taraldset 15 min)- E. Lødemel
Angrep: Lødøen - Solum - Bergset (Fannemel 10 min)
Før kampen var komt skikkelig i gang, greidde HIL å rote det til for seg sjølv. Ein heilt ufarlig ball resulterte i mål for Vikane/Olden etter berre 5 min. Eit mål som forsvaret må ta på si kappe. HIL såg ut til å vere litt rysta ei stund av dette målet, men greidde sakte men sikkert å få kontroll på kampen.
Etter ca. 37 min fikk HIL til eit nydelig angrep. Per Otto Lien bryt eit oppspel og set fart fram mot dølinja. Inne i feltet ligg to HIL spelarar. Lien sler eit kjempeinnlegg til bakerste stolpe, og Solum stupheadar ballen i mål. Angrepet var som teke rett frå læreboka!
Rett før pause greidde HIL å få ledarmålet som dei vel 20 frammøtte hadde venta på. Det var E. Lødemel som satte inn 2 - 1 målet.
I andre omgang kjørte HIL over Vikane/Olden. Utrolig lekkert spill, og en haug med sjanser. Bergset, Solum, Lien, J. Lødemel, E. Lødemel og Lødøen hadde alle 100% sjansar som det burde blitt uttelling på, men det vart ingen uttelling før helt på slutten. Bergset slo ei kjempe pasning til Taraldset (var nettopp komt på bana). Taraldset som hadde stor fart, sprang frå forsvaret, kom åleine med keeper, og sette ballen elegant i mål. To flotte prestasjonar!
Dette var ein veldig fortent siger til HIL. HIL spelte ein veldig publikumsvenleg fotball, og det var igjen moro å vere publikum på ein A-lags kamp i Hornindal!
Etter målsjansane (15 – 2) skulle det vore mange fleire mål, men HIL fekk dei tre poenga som dei var ute etter, og då skal ein seie seg nøgd.
Karakter på kampen : 5
|
|
|