Kampreferat Sandane 2 - HIL: 2-5

Resultat: 2-5 (2-1) Mål Hornindal: Kjell Arne Vartdal, Endre Lødemel (2) og Jarle Lødemel (2) Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Opheim - Haugen - Kandal Midtbane: J. Lødemel - Vartdal - Bergset Angrep: Lødøen - Solum - E. Lødemel HIL starta med ein sterkt mannskap denne kampen. Sætren som vanlig i mål, med Oppheim, Haugen, Kandal og Lien i den bakre firer. På midtbana starta vi med Vartdal, Jarle Lødemel og Bergset. Dei tre på topp var Solum, Lødøen og Endre Lødemel, altså eit 4-3-3 system. HIL virka litt nervøse i starten og det var Sandane som hadde overtaket. Sandane greidde å utnytte avstanden mellom midtbane og forsvar til HIL, og var flinke på en-touch pasningar. Hadde det ikkje vore for ein glimrande Ola Sætren i mål, så kunne det fort vore 4-0 etter 25 min. Sandane var åleine med Sætren 3 gangar, og hadde eit veldig skummelt langskot, men Sætren viste klasse og rydda opp. HIL sitt første mål kom frå nesten ingen ting. Bergset tok innkast til HIL, og serverte dette til Vartdal. Vartdal tok med seg ballen på haudet og banka den i mål.. 0-1 !!
0-2 målet var som henta ut av læreboka. HIL spelte seg ned til dødlinja, Bergset slo innlegget, og der hang Endre (høgt over forsvaret til Sandane) og headet ballen kontant i mål. PAUSE ! HIL føretok 2 bytter i pausa. Raftevold gjekk inn for Lien, og Heggen gjekk inn for Solum. Andre omgang starta som den første, Sandane tok kommando og HIL vart springande mellom. Det tok ikkje så veldig lang tid før Sandane kom seg til dødlinja og fikk lagt inn til høgrevingen som banka ballen bak ein sjanselaus Sætren i mål. Det virka som litt av lufta gjekk ut av HIL etter dette, og Sandane fikk ny inspirasjon. 2-2 målet kom etter dårlig kommunikasjon mellom Oppheim og Sætren. Ein lang ball vart slått inn i 16-meteren, og det som i utgangspunktet såg ut til å vere ufarlig, resulterte i scoring og 2-2.
Etter denne scoringa så vart HIL springande veldig mykje mellom, og Sandane fikk spele fotball slik som dei ville. Hadde det ikkje vore for løpskapasiteten til midtbana til HIL, trur eg denne kampen hadde blitt tap (kanskje eit stort tap?) Jarle Lødemel skal ha mykje for æra, ettersom han jobba og sleit heile tida. Sandane var ikkje ufarlige på sine angrep, og fikk til eit skummelt skot som Sætren fikk kontroll over, og satte spillet raskt i gang med eit kjempe langt utspill. Endre Lødemel sprang fra forsvaret til Sandane, og sette ballen elegant bak en sjanselaus Sandane-målmann. 2-3 ! Etter dette vart Endre trekt lenger tilbake for å få grepet på midtbana. Jarle sprang og sprang, og ei stund lurte underteikna på om han hadde blitt galen. Han fikk også lønn for strevet da han erobra ballen på Sandane sin banehalvdel og banka ballen "nesten" heilt i krysset. Ein kjempeprestasjon!! 2-4 ! Sandane hadde ikkje lenger noko grep om denne kampen. HIL hadde full kontroll! HIL blo på tann, og ville ha meir mål. Etter ei fin opprulling var det igjen Jarle som fikk skore. Atter ein gong var det høgre "kanona" som vart ladda, og ballen fauk inn bak ein svimmel Sandane-målmann. 2-5 !! HURRA! HIL foretok nokre bytter, Leif Kåre Flåm, Kjell Inge Flåm og Stian Taraldset kom inn, men med den korte tida som var igjen, greidde dei ikkje å sette noko preg på kampen. Etter ein dommar-avblåsing som igjen skjønte noko av var kampen plutselig slutt, og HIL tok igjen 3 poeng med ein 2-5 siger over Sandane. Om denne sigeren var fortent ?? Det er vanskelig å bedømme for ein HIL patriot, men vi satsar på JA !!