Kampreferat HIL - Vassenden: 3-1

Resultat: 3-1 (1-0) Mål Hornindal: Per Otto Lien, Endre Lødemel, Øystein Heggen Gult kort: Ø. Heggen Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Opheim - Haugen - L.K.Flom Midtbane: Lødøen - Espe - Fannemel - Ø.Heggen Angrep: Taraldset - Solum Heile 5 mann mangla i førsteelleveren til denne kampen. Det skulle vise seg å ikkje bety noko. Første 20 min. vart prega av dårleg presisjon og lite flyt i spelet til Hornindal. Vassenden dominerte. Litt bedre rytme og fart i spelet til HIL i andre halvdel av 1 omg., og kjem etter kvart til nokre sjansar. Nydeleg mål av Per Otto i slutten av 1. omg. Alt i alt ok med 1-0 til pausen. I 2. omgong er det totalt overkjøring. HIL burde ha scora 5-6 mål i tillegg til dei 2 vi putta i mål. 2-0 målet kom på direkte frispark frå Endre. 3-1 målet sto og Endre bak. Han jobba først opp ballen på ein glimrande måte i midtbaneleddet til Vassenden, deretter kjørte han karusell med Vassenden forsvaret før han til slutt brukte Øystein som vegg: Eit knallhardt innlegg gikk via foten til Øystein og i mål. Ein svært fortent siger!