Kampreferat Veten/Hardbagg - HIL: 1-3

Resultat: 1-3 (1-1) Mål Hornindal: Kjell Arne Vartdal, Odd Arne Bergset, Sindre Fannemel Gult kort: E. Haugen, E. Lødemel Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Oppheim - Haugen - Kandal Midtbane: Lødøen - Raftevold - E. Lødemel - Ø.Heggen Angrep: S.O Lødemel - Solum Innbyttarar : Ø.Lødemel, Bergset, Vartdal, Taraldset, Sindre Fannemel. Kampen mellom V/H og HIL på Ålandsleite var utan tvil haustens toppkamp. Begge lag ville vinne denne kampen, noko som viste igjen på innsatsen til begge lag. Også publikum var interesserte i denne kampen. Ca 100 personar hadde funne vegen til ”steinrøysa” på Åland. Hornindal stilte sterkt, og hadde ordna med buss til publikum frå Hornindal. Før kampen kunne starte, måtte V/H flytte 16´meteren!! Dommaren hadde frå før sett mykje rar oppmerking, men noko slikt hadde han ikkje sett før. Det heile passa HIL ganske godt, ettersom vi venta på to sentrale spelarar som kom heim frå Bergen(!!) for å vere med i lokaloppgjøret. Første 20 min viste at HIL ikkje spelar så mykje på grusbane. V/H hadde eit lite overtak i denne perioden, utan at dei store målsjansane kom. Det vart mykje lange ballar frå begge lag, og spissar og forsvararar hadde mykje nærkontakt. Etter ca 30 min fann V/H holet som ikkje skulle eksistere i HIL sitt forsvar, glei gjennom og V/H leda 1-0. HIL bytta inn Vartdal for Raftevold og Odd Arne for Lødøen, og satsa alt for å ta kommandoen over kampen. Dette lykkast HIL med, og fekk utstelling på eit genialt frispark ekspedert av Solum. Han såg at keeperen sto borte ved stolpen og dirigerte muren, og tok frisparket kjapt. Frisparket vart redda på streken av ein oppvakt Alfred Tytingvåg, men klareringa vart for dårleg, og Vartdal var på rett plass til rett tid og sette ballen enkelt i mål, 1 – 1(sitat Solum).Publikum hadde eit anna syn på dette. Frisparket var merkelig, og etter klabb og babb så "klura" Vartdal ballen i mål. HIL hadde sjansar nok for å lede etter første omgang. Kan nemne redning på strek (Sæbø), skudd ++, men ballen rulla ikkje HIL sin veg, så 1 - 1 vart pauseresultatet. Andre omgang starta som den første slutta, der HIL hadde kommandoen. Eit 4 – 3 – 3 system fungerte veldig godt på den vesle (7´ar bane ?) til V/H. Forsvaret til V/H fikk verkeleg noko å bryne seg på ettersom kjempen Stig Olav hadde comeback som spiss på HIL. Sterk som ein bjørn og hurtigheit som fortatt er til stades, var han heile tida ein trussel for V/H. Sæbø fikk gult kort grunna halding, men det var noko som underteikna hadde rekna med før kampen hadde komt i gang :) .. 1 – 2 målet kom som ein følgje av massiv og god jobbing av HIL. Bergset var målskorar denne gongen. Endre Lødemel skal ha mykje av æra for at HIL hadde kommando, og han styrte midtbana slik som han ville. Etter 1 - 2 målet la trenarteamet (5 personar!) litt om på taktikken, og trekte S.O Lødemel bak på midtbana slik at han kunne krige og vinne ballar. Dette viste seg å vere eit godt trekk, for nettopp S.O Lødemel kriga til seg ballen (ved å legge Tytingvåg i bakken) for så å slå ei kjempe pasning til Sindre Fannemel. Forsvaret til V/H vart parkert, og Sindre Fannemel sette ballen bak en sjanselaus V/H målmann. HIL var utan tvil det beste laget i denne kampen. Midbana køyrde til tider fullstendig over midtbana til V/H, og ei stund lurte ein på om dette var heimebana til HIL. HIL har fått til ein enorm glød i dette laget. Med eit støtteapparat som engasjerar seg på ein slik måte er det klart at spelarane vil gje det beste for at resultatet skal bli bra. Når to av spelarane køyrer frå Bergen for å vere med på denne kampen, så viser det korleis spelarane brenn for dette laget, VELDIG BRA! Når dei då også lagar kvart sitt mål, ja då vel det