Kampreferat Vikane/Olden - HIL: 1-3

Resultat: 1-3 (0-2) Mål Hornindal: Øystein Heggen, Svein O. N. Solum, Endre Lødemel Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Oppheim - Haugen - Kandal Midtbane: Ø. Heggen - E. Lødemel - J. Lødemel Bakke - Solum - M. Lødøen Innbyttarar: Ø.Lødemel, Taraldset, Fannemel, K. I. Flom, Espe. Så var kampen som alle i Hornindal hadde sett fram til, no skulle det avgjerast om HIL blir avdelingsvinnarar eller ikkje! Ein skulle tru at HIL hadde full tenning til denne kampen, og at det skulle bli eit fyrverkeri av ein fotballkamp! Fyrverkeriet uteblei, og det var langt mellom lysglimta. HIL fikk et mål ganske tidlig, og det kom av nesten ingen ting. Det var Heggen som var siste mann på ballen, og det stod 0-1 etter ca 3 min. Alle frå HIL trudde at dette skulle vere det som skulle til for at HIL skulle ta kommando fullstendig, men alt anna en det skjedde! Omgangen var prega av veldig mykje dårlig fotball, men etter sjansar må ein likevel seie at det var fortjent at HIL leda. Det neste lys"glimtet" kom ikkje før i det 45 min av første omgang. Lødemel finta Vikane/Olden forsvaret opp på tribuna med ei kjempe dragning, for så å avslutte frå nesten død vinkel med et knall handt skot som fauk i mål! Trur dette må vere årets HIL mål! 0-2 PAUSE Trenarteamet prøvde i pausa å forklare spelarane kva som er rett og gale, men det såg ikkje ut til at det var så veldig stor hjelp i! Andre omgang starta om mulig endå meir slurvete en den første slutta. På ein Corner fann imidlertid HIL vegen til målet igjen, og denne gangen var det Solum som på et hardt skot skora. 0-3! Etter dette var det berre ruske spel, og Vikane/Olden fekk etter kvart eit lite overtak på kampen. Dette resulterte i at dei også fekk eit mål, og sluttresultatet vart 1-3. Det er veldig bra at HIL greier å vinne denne typen kampar. Sjølv med ein veldig dårlig dag, så reiser ein heim med 3 poeng, og er avdelingsvinnarar, BRA!! Kampen i seg sjølv var ikkje noko å skryte av, og ein må fort sjå framover til neste kamp!! Terningskast på kampen : 1