Kampreferat Skavøypoll - HIL: 1-3

Resultat: 1-3 (0-2) Mål Hornindal: Øystein Heggen (2), Odd Arne Bergset Gult kort HIL: Svein O. N. Solum Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Oppheim - E. Lødemel - Kandal Midtbane: Bergset - Vartdal - Solum Ø.Heggen - Ø. Lødemel - M. Lødøen Innbyttarar: Taraldset, Fannemel, K. I. Flom, Tisthamar, Espe, Raftevold, Nordnes. Hornindal møtte opp til andre og avgjerande opprykkskamp med siger som mål. Sjølv om vi skulle spele på grus mot eit forsterka Skavøypoll-lag, var vi svært ivrige etter å vise oss fram på bortebane. Nervane låg tjukt utanpå leiarane. Både Fannemel, Grodås og Bakka vandra kvilelaust omkring med høg nervøs-faktor før kampen. Spelarane tok det meir med ro, dei virka svært sikre på seg sjølve. HIL trykka til frå første minutt. Vi vann stort sett det som var av duellar, og vi skapte sjanser frå starten av. Etter 15. minutt sette Øystein Heggen inn 1-0 til HIL, og etter dette fører HIL kampen totalt. 2-0 kjem etter ca. 35. min. Eit kjempemål av Odd Arne, frå om lag 30 meters hold. HIL hadde ballen klart mest i første omgang, og spelet var på sitt beste for sesongen. Det gjekk på ein- og to-touch, og i løpet av 1. omg. skapar vi 6 100% sjanser i tillegg til måla. Skavøypoll kjem til nokre ufarlege 16-meter sjanser. I 2. omg. la HIL seg litt bakpå. Til tross for dette fortsett vi med å lage sjanser i massevis. Det vert etter kvart eit pøsande regnver, og bana ser etter kvart ut som ein potetåker. Sjølv om Skavøypoll reduserer på ei straffe mot slutten av kampen, så er det ingen tvil om kvar sigeren vil ende. Øystein Heggen fastsett sluttresultatet til 1-3 i det 85. minutt. Oppsummering: HIL viser at dei har keeper av høg kvalitet. Forsvaret er 6. divsjons klart beste, og vil utan tvil kunne spele både 5. og 4. divisjon utan problem. Midtbana fungerte svært godt, men ballspelande Vartdal og Solum, samt hardt arbeidande Bergset. I angrepet fungerte Øyvind Lødemel svært godt som møtande og spelande spiss, og farta til Marius og Øystein kan ingen motstandarar i 6. divisjon matche. Mot slutten av kampen vart alle innbyttarane bytta inn. Neste sesong spelar vi i 5. divisjon!