Kampreferat HIL - Sogndal 3 : 0-4

Resultat: 0-4 (0-2) Startoppstilling: Keeper: Sætren Forsvar: Lien - Oppheim - E. Lødemel - Flom Midtbane: Haugen - Fannemel - Solum Ø.Heggen - Ø. Lødemel - M. Lødøen Innbyttarar: Taraldset, Nordnes, Tisthamar, Espe, Raftevold. Så var det duka til ny kamp på Hornindal stadion, og denne gangen var det KM tittelen det stod om. Sjølv om det er 2 kampar som skal spelast, så må det vel seie at HIL ikkje har det aller beste utgangspunktet for å få den pokalen til Hornindal. for det var Sogndal som var det dominerande laget, og det var Sogndal som skora måla. 0-1 kom allereide etter 5 min. Dommeren fikk signal frå Linjedommer om en hands inne i 16´meteren, og dømde straffe til Sogndal, ei straffe som underteikna meinar var heilt feil dømt. Linjedommer bør halde seg til det han kan, nemlig å dømme offside! Keeper Sætren var etter straffa, men greidde ikkje nå heilt ut til det velplasserte skotet. Etter dette hadde også HIL sine sjansar til å skore, men som det vart sagt frå sidelinja, så treng HIL 10 sjansar for å skore eit mål!! Dette var ein kamp der HIL spelarane mangla tenning, det vart litt dødt. Om ein av grunnane var dei sentrale spelarane som mangla veit eg ikkje, men noko var mangla iallefall. No skal det og nemnast at HIL hadde store sjansar til å skore, og med litt flaks istaden for uflaks, så hadde stillinga til pause vore 3-2 istaden for 0-2! Solum, Heggen og Lødøen hadde alle veldig gode sjansar til å skore, men det var ikkje HIL sin dag. Sogndal fikk rulla opp på HIL si venstre side, og skapte mange farlige situasjonar. Når Sogndal skora sitt 3 mål, så merka ein at lufta gjekk ut av HIL spelarane. Det vart som Keeper Sætren sa : " det var no ei miljøgate bake i forsvaret, der dei berre kunne springe rett gjennom!" Uansett så er det mulig å pynte på dette resultatet! Dersom HIL hadde stilt sitt sterkaste mannskap, så er det heilt klart at det hadde vorte ein annan kamp! Vi gratulerar Sogndal med første stikket om Kretsmester tittelen!