Avslutningsfest for A - Laget til Hornindal !!!

Til spelarar og støtteapparat!! Du er hermed invitert på spelarmøte / avslutningsfest for A-laget i fotball i kjellaren på Dølheim fredag 1 November kl. 19.00. Ein del av dokke har ikkje spela på A-laget før men blir likevel inviterte med tanke på kva som skal skje frå sesongen 2003. Med tanke på bestilling av mat er det særs viktig at underteikna får beskjed om kven som ikkje kan kome. Denne beskjeden må eg ha seinast onsdag 30.10.02. Ta kontakt med meg enten privat på 5787 9779 eller mobil 9093 7109. Ingen tekstmeldingar takk!, eg ynskjer å snakke med dokke som ikkje kan kome. I og med at vi har ei god blanding av unge og ”litt” eldre spelarar så kjem vi til å dele opp kvelden på ein måte som vi håpar alle kan være tilfredse med. Vi startar som sagt kl. 19.00 og fylgjer programmet så godt som råd er. 19.00 – 20.30 Spelarmøte / orientering / tankar om sesongen 2003. 20.30 – 23.00 Fest for alle!, pizza & brus / taler & ordet er fritt. 23.00 Vi avsluttar fest for alle! 23.00 ++++++ For dei over 18 år som ynskjer å fortsette i lystig lag. (ta med CD plater, vi må ha musikk!) Håpar flest mogleg vil vere med og setje eit verdig punktum for sesongen samt sjå framover til det vi håpar skal bli nok ein jubelsesong. Hjarteleg velkomne til fest! Hornindal Fotballgruppa Steinar Bakka -Leiar og oppmann-