Nye spelarar sesongen 2003

Hil fotball har forsterka troppen frå 2002 sesongen med tre spelarar. Terje Flåm frå Sunnylven IL, Kjetil Svarstad frå Oppstryn og Kjetil Grodås tilbake frå Vålerenga. Desse karane kan vi forvente mykje av i komande sesong. Terje Flåm har vore og er ein notorisk måltjuv, og med si rutine bla frå spel i 2 div. blir han gull verd for eit ungt Honndalslag. Kjetil Svarstad har vore i aksjon på juniorlaget vårt i vinter og vist at det bor mykje i karen inna høgda. Ein alsidig kar som kan nyttast på fleire posisjonar på bana. Kjetil Grodås er ein eminent keeper som har valgt å flytte heim frå Oslo. I Oslo har han vore fast på Vålerenga sitt rekrutteringslag der han ved fleire høve har vist fram kva som bor i han. I lag med Ola Sætren og Kristoffer Grodås kjem han til å danne ein frykta keepertrio i årets serie. Hil Fotball arbeider med nok ein overgang på ein spelar som vil vere markant på bana. Dette vil vi kome tilbake med når dette er 100% på plass.