Ny spelar klar for Hil fotball

Morten Taraldset har underteikna overgangspapir til Hornindal IL. Den glimrande spelaren inna dalen er då snart klar for spel for dei raude og svarte. Med sin eminente teknikk og målteft blir den tidlegare Strynespelaren ei kjempeviktig brikke for Hornindal i årets serie. Publikum på Hornindal Idrettspark får verkeleg noko å gle seg til foran årets seriestart. Årets spelarstall er då for det meste komplett og med tanke på dei spelarane som sluttar seg til laget etter endt skulegang,trur vi at spelargruppa blir den sterkaste på mange år. Trass i ikkje alt for mange gode resultat i treningskampane til no, veit vi likevel kva som bor i årets mannskap. Noko vi er sikre på at dei fleste motstandarar skal få merke seg når sesongen kjem i gong.