Veten/Hardbagg - Hornindal2
Dato/tid: 29/4 kl. 19.00
Sted: Aalandsleitet
Resultat: 2-3 (0-3)
Mål: HIL Terje Flom, 13 min, 23 min, 32 min
V/H NN, 75 min, NN, 87 min.
Laget :
Ola S, Stian T, Anders K, Tor M, Martin S, Sturla L, Geir F, Ole N, Kjell F, Terje F, Knut M.
Innbyttere: Kristoffer G.
HIL stilte med eit veldig ungt lag til denne kampen, men det hadde med seg enormt med vilje.
Kampen starta med V/H overtak, men Sætren i mål hadde ikkje dei store problema med å stoppe V/H. Det var HIL som fikk det første målet, og ikkje uventa var det Terje Flom som skora.
Etter dette så roa presset til V/H seg ganske kraftig, og HIL kunne prøve å spele fotball. Det vart eit uroleg V/H forsvar med ein gong Terje hadde ballen, og det med grunn. Det var nemleg nemte Flom som skora andre målet også. Var ei lita klynge i 16 meteren, men Terje var der ein mål-skorar skal vere, 0 - 2.
Etter dette var det litt labert, heilt til HIL fikk frispark 30 meter frå mål. Terje Flom tok det, og *svisj* rett i krysset, 0 - 3 !!
Etter pause vart det litt trykk frå V/H, og dei hadde nokre veldig store sjansar. Til slutt greide dei å få eit reduseringsmål, 1 - 3.
Etter dette vart HIL litt meir nervøse, men kom til hektene igjen. Tidligare keeper Sætren var komt på bana som utespelar, og i ein haude-duell laga han visst det som for dommar Skjerven var straffe?? Av dei ca 50 spelarar og publikum var han åleine om dette synet, og underteikna gratulerer! Torstein Tvinnereim small ballen i tverrliggar, og stillinga var fortsatt 1 - 3.
I slutt minutta fikk V/H endå eit mål, men 2 - 3 var ikkje nok i denne kampen. Dommar Skjerven fann tilslutt fløyta og resultatet var eit faktum. HIL2 har tatt 3 vanskelige bortepoeng, og eg gratulerar!!