Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Komande fredag er det klart for årets fyrste heimekamp i 5 divisjon. Motstandar er Loen og kampen startar kl. 19.00. Loen starta serien med siger 4-3 over Hafslo og vil nok og selge seg dyrt i lokaloppgjeret mot Hornindal. Ein får håpe at Hornindal fortset den positive trenden frå seriestarten mot Sogndal og at vi kan få eit maksimalt resultat ut av denne kampen. Skal vi hevde oss i årets 5 divisjon så må heimekampane vinnast, derom ingen tvil! Utenom dei som var med til Sogndal så er også Terje, Morten, Svein Olav og Kjetil klare til kamp. Edvin må nok belage seg på eit avbrekk etter sitt kraftige overtrakk i Sogndal. Håpet er at midtstopparen igjen er klar til dyst i løpet av ei vekes tid. Troppen vert tatt ut på trening i kveld og blir lagt ut på heimesida vår i løpet av dagen i mårå.
Til slutt vil eg be flest mogleg om å møte opp og heie Honndalen fram til siger mot Loen!
|
|
|