Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best). Ein må spele minst 1 omgang for å få karakter.
Kjetil Grodås: KARAKTER 5
Kan ikkje gjere så veldig mykje med måla, men om "bønen" hadde hatt ein veldig god dag, så hadde han nok tatt 2 av dei. .
Kjetil Svarstad: KARAKTER 5 BB
Første intreden i HIL drakta, og gjorde ein grei kamp. Ein av dei få som var villege til å kjempe. HIL sin beste spelar meinar underteikna.
Jan Rune Oppheim: KARAKTER 4
Startar på back, men dette er ikkje plassen for denne mannen. Vert etter kvart flytta inn igjen i midtforsvaret og spelar seg opp.
Per Otto Lien: KARAKTER 5
Spelar ein grei kamp utan dei aller største feila.
Endre Lødemel: KARAKTER 5
Jobbar og slit som vanleg, men ikkje den beste kampen eg har sett han spele.
Svein Olav Solum: For lite speletid for karakter
Vart mykje deffensiv jobbing på Solum i dag. Spelte ein grei kamp den tida han var på bana.
Morten Taraldset: KARAKTER 5
Startar litt sløvt, men spelar seg opp. Kjempar til tider veldig godt.
Øyvind Lødemel: KARAKTER 3
Dette var ikkje Øyvind´s kamp. Vert mykje feilpasningar og slurv. Treng skjerping til neste kamp!
Odd Arne Bergset: KARAKTER 3
Uvanelig svak kamp av denne karen. Regnar med at han kjem sterkt igjen utover sesongen.
Erlend Nordnes: KARAKTER 4
Kjem inn som innbyttar utan å sette noko preg på kampen.
Øystein Heggen: For lite speletid for karakter
Ein vanskelig kamp. Får ikkje så mange ballar å jobbe på.
Terje Flom: KARAKTER 5
Vert mange luftduellar, og vinn mykje. Får lite hjelp, og vert veldig åleine på topp. Ventar nok at denne karen kjem sterkt tilbake...
Sindre Fannemel: KARAKTER 5
Kjem inn og gjer ein god kamp i forsvaret.
Resten av utespelarane hadde for knapt med speletid til å bli vurdert på børsen.
|
|
|