5. div.: Seriekamp: HIL - Loen : 0 - 4

Hornindal - Loen Dato/tid: 2/5 kl. 19.00 Sted: Hornindal Stadion Resultat: 0-4 (0-3) Mål: Loen Anton Andre Sande, 12 min. Nils Roger Høgalmen, 18 min, Anton Andre Sande, 30 min, Andre Rake, 55 min. Kort: Endre Lødemel, Morten Taraldset Laget : Kjetil G Kjetil S, Jan Rune O, Endre L, Per Otto L, Odd Arne B, Svein Olav S, Øyvind L, Morten T, Øystein Heggen, Terje F. Innbyttere: Stian T, Anders K, Ole Christian H, Ola Sætren, Erlend N, Sindre F. Dette var nok ikkje den opninga som HIL ville vise publikum på heimebane. Dagen då ingen ting fungerte er det vel noko som heiter, og kan med rette seiast om denne dagen. Lagoppstillinga til HIL var for mange litt anna en det vi har sett tidligare, og det virka også som spelarane ikkje var heilt tilfreds med plassane sine. Loen derimot virka veldig friske, og gjekk raskt til angrep på HIL målet. Det tok ikkje så lang tid før Loen fekk det første målet, og ein kan ikkje seie at det var ufortjent. Litt seinare fekk HIL ein skade, og Lien måtte ut for behandling. Dette utnytta Loen godt, og kunne skrive 0 - 2 i protokollen sin. Det synte at HIL spelarane var litt frustrerte, og ballen rulla absolutt ikkje HIL sin veg. Før HIL hadde notert ein einaste sjanse, gjekk Loen like så godt opp til 0 - 3. No måtte benken til HIL foreta nokre endringar, noko som resulterte i rokering i det bakre leddet. Fyrste omgang ebba ut med med 3 baklengs i kassa. Andre omgang starta slik som den første. Loen dominerte med ball og HIL dominerte uten ball!! (??) Dei endringane som HIL gjorde i forsvaret var likevel slik at Loen ikkje kom til like mange målsjansar i denne omgangen. Sjølv om målsjansane vart færre, hindra det likevel ikkje Loen i å skore, 0 - 4 !! Dei største sjanse til HIL var ved frispark på kanten av 16-meteren. Det fyrste godt løyst men med dårlig avslutning. Det andre eit hardt frispark som traff ein HIL (?) spelar i bakhaudet. Det siste til HIL trenar sin store ergrelse og følgande uttale : Noko så haudelaust! Dette var ein kamp utan glød og humør som HIL har vore kjent for i dei siste kampane. Dette gjeld både på og utanfor bana!! Alle ledd treng full skjerping om det skal bli fleire poeng!