Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Dette spørsmålet er kanskje noko som fleire lurer på, iallefall gjer eg det. Eg syns det er litt merkelig at eit lag som på treningskampar og treningar ellers, viser at dei kan spele god fotball, dett saman på ein slik måte når det virkelig gjeld. Var det noko som vart gjort feil av trenarteamet, eller var det alle spelarane som rett og slett hadde ein dårlig dag? Slik som eg ser det så må nok dei på benken ta på seg 55% av skulda. Å rokere på eit lag som tidligare har fungert viste seg å vere ein taktisk blunder. Med dette meinar eg spesifikt å sette Oppheim på back. Ein enkel statistikk for å vise det eg meinar : Oppheim på back = 0 - 3 (30 min). Oppheim i midt = 0 - 1 (60min). Vidare syns eg dei spelarbytta som vart gjort var litt merklige. Det var personar på midtbana som absolutt ikkje hadde dagen sin, noko som gjorde midbana til rundings-bøyer. Heilt klart måtte ein føreta bytter, men mi meining er at dei vart gjort feil!
Det er enkelt å vere "etterpå-klok", men eg er overbevist om at både spelarar og trenarar fikk lærdom av denne kampen (kanskje ein brutal måte å lære på?). Eg er heilt sikkert på at dette laget kjem til å heve seg mange hakk. Det er mange som sikkert vil vise at dei kan betre, og eg veit at alle kan betre! Denne kampen bør ikkje vere eit skritt i negativ retning, men mot det positive og betre! Berre eit lite ønske til slutt : Ein treng ikkje endre på det som fungerar! (If it works, don´t fix it! ) |
|
|