Hornindal 2 - Breimsbygda
Dato/tid: 6/5 kl. 19.00
Sted: Gamlebana i Honndalen
Resultat: 4-0 (3-0)
Mål: HIL Ole Chr Nygård, 22 min, Kridtoffer Grodås, 24 min, 36 min, 55 min
Kort : HIL, Anders Elling. Breimsbygda 2 stk
Laget :
Ola S, Håvard M, Anders K, Tor M, Martin S, Sturla L, Geir F, Ole N, Kjell F, Sindre F, Erlend N.
Innbyttere: Kristoffer G, Knut Espen M.
Kva skal ein skrive om dette laget? Dei sluttar aldri å imponere! Kampen starta ganske rolig, og ein kan ikkje seie at det var nokon av laga som hadde noko overtak. Det var nokon sjansar til begge lag, men ikkje noko utteljing, ikkje før det 22 min. Ei kjempeopprulling som resulterte i eit flott mål av Ole Chr. Nygård. Jubelen og stemninga stod i taket, og den hadde ikkje avteke før HIL kunne notere endå eit mål. Veldig god jobbing på linja av Ole Chr, innlegg til Kristoffer (reservemålmannen vår!!) og PANG! 2 – 0 ! Etter dette vart det veldig mykje HIL. Dei styrte kampen og hadde ikkje problem med å hamle opp med angrepet til Breimsbygda. Etter 37 min var det igjen klart for jubel, og igjen var det Kristoffer som satte ballen i mål. Vår reservekeeper viser stor ro, og veit betre en nokon kvar målet står! HIL gjekk til pause med 3 – 0, og det var heilt fortjent! Om HIL og Kristoffer hadde vore litt heldige så hadde det vore 4 – 0, men det vart annullert for offside.
Andre omgang starta slik som den fyrste slutta, der HIL spelarane jobba som galne og gav ikkje Breimsbygda muligheit til å spele ball. 15 min ut i andre omgang var det eit kjempeangrep av HIL. Sturla fikk ballen på eigen 16 meter, førte den med seg til midtbana, for så å slå ein kjempeball over forsvaret til Breimsbygda. Kven andre en målmann Grodås var der?? Dempa ballen, og SVISJH!! Før ei kontring, for eit løp, og for eit mål!! Berre dette målet var vert 30 kr i inngangsbillett. Det store spørsmålet var :” Kva hadde Kristoffer ete før denne kampen??”
Etter dette var det aldri tvil (eigentlig ikkje før dette heller!), dei få sjansar som Breimsbygda hadde vart enten stoppa av det tøffe forsvaret til HIL, eller av gode Sætren i mål.
At vi vart snytt for frispark på kanten av 16 meter då keeperen spelte handball, hadde ikkje betydning!
HIL var utan tvil det beste laget i dag. Dei viste ein moral og ein innsats som eg ikkje har sett på lenge! GRATULERER TIL ALLE!