Hornindal - Selje
Dato/tid: 9/5 kl. 19.00
Sted: Hornindal Stadion
Resultat: 2-2 (2-1)
Mål: HIL, Morten T 2 min, Endre (str) 16 min
Selje NN 27 min, NN 94 min
Kort: Oppheim, Solum
Laget :
Ola S
Terje F, Jan Rune O, Endre L, Per Otto L, Håvard M, Odd Arne B,
Svein Olav S, , Kjetil S, Øystein Heggen, Morten T.
Innbyttere: Stig Olav Lødemel, Øyvind L, Kjetil Grodås, Erlend N, Sindre F.
Så var den andre heimekampen til HIL komen, og mange var spente på korleis dette skulle gå. Når dommaren bles igang kampen var det iallefall eit anna lag en sist vi såg dei heime. HIL viste glød frå fyrste sekund, og viste at dei ville vinne denne kampen. Allereide etter 2 min skora HIL, og det etter ei kjempe opprulling. Per Otto fikk ballen på midten, spelte støttepasning til Kjetil S som la ei kjempepasning til Morten på topp. Morten tok ned ballen, lurte to forsvararar samt keeper, 1-0. Eit veldig flott mål med gode prestasjonar!
Etter dette var det Selje sin tur. Ein Selje angripar kom åleine mot Ola, men det var Ola som gikk av med sigeren i denne duellen. Kampen vippa litt fram og tilbake, litt offside avblåsningar og frispark. I det 16 min var det igjen ei flott opprulling av HIL. Solum fikk ballen i 16 meter til Selje, søttepasning til Bergset som lobba ballen over forsvaret til Lien. Lien vart lagt i bakken på ein ulovlig måte, STRAFFE! Dette satte Endre oppe til høgre for keeper, 2 - 0.
Kampen kom igjen på eit vippestadie der det var nokon halvsjansar til begge lag utan uttelling.
Etter 27 min glei Selje gjennom forsvaret til HIL og Målmann Ola kunne lite gjere for å avverge reduseringa, 2 - 1. Selje hadde i det 45 min ein kjempesjanse til å få 2-2, men ein god og heldig Sætren i mål greidde å avverge.
PAUSE.
Andre omgang var knapt starta då Terje ladda kanona. Skotet small i stolpen og ut på bana. Denne kanona hadde fortjent eit anna resultat! HIL hadde ein del gode sjansar, men dei vart stoppa. Mot slutte av kampen satte Selje inn eit ekstra støt, og la skikkelig press på HIL. Det gode forsvaret til HIL lot seg ikkje knekke, og hadde rimelig god kontroll, heilt til det 94 min. Her glapp forsvaret, misste markering og ein selje-spelar fekk kome åleine mot Sætren. Målet var eit faktum, 2 - 2. Kvifor dommaren hadde lagt til nesten 6 min i denne kampen ein ei gåte, men mål vart det, og dermed poengdeling i Hornindal. Om ein skal sjå denne kampen frå ei litt nøytral side, så må ein vel seie at uavgjort er eit greit resultat kampen sett under eit.
Om HIL spelar slik mot alle lag dei møter, ja så kjem laget til å komme eit godt stykke opp på tabellen. Terningkast på kampen : 4,5 :)