6. div.: Seriekamp Vikane/Olden - HIL 2 : 7 - 1

Allereide etter 12 min skora Vikane/Olden, etter ei flott opprulling, 1 – 0. Etter dette kom HIL og Erlend til ein veldig god sjanse, men greidde ikkje å kome til avslutning. Etter 20 min begynte dommaren for alvor og sette sitt preg på kampen, og dømde straffe til V/O. Ein duell skulder mot skulder med Martin var visst straffe?? 0 – 2. Det gjekk ikkje lange stunda før V/O igjen surfa seg gjennom eit veldig tafatt HIL forsvar og kunne skrive 0 – 3 i målprotokollen. Like etter dette fikk Martin gult kort. I det 39 min var det igjen duka for eminent dømming, og igjen vart det dømt straffe mot HIL. Denne straffa står for meg som eit mysterium. Ser dommaren noko som ingen andre på heile stadion ser? Ein kan ikkje seie anna en : ” jaja”. 4 – 0 fortel i alle fall målprotokollen. 41 min på klokka, og HIL forsvaret raknar fullstendig. Enkelt for V/O og lage det femte målet, 5 – 0. Pause HIL rokera fullstendig på forsvaret i pausa, noko som skulle vise seg å vere veldig lurt. Dei fyrste 20 min var HIL fullstendig overlegne på bana, og pressar V/O høgt oppe. Om ein hadde hatt roen litt lenger så kunne det enkelt blitt nokon mål til HIL, men i staden var det igjen V/O som skora. Denne gangen var det eit frispark som var grunnen, forøvrig eit frispark som aldrig var frispark. 6 – 0. Etter dette var det igjen HIL sin tur til å presse, og pressa så godt at Geir Ove kom heilt åleine gjennom. Ein V/O forsvarar nådde han igjen og ”kløppte” han rett ned bakifrå. Dommaren bles korrekt til frispark, men læreboka seier vel då at det skal vere rødt kort? Nei ikkje i denne kampen i alle fall, for dette kvalifiserte ikkje til gult ein gong?? Huff!! I det 78 min var det igjen ein håplaus dommaravgjering, og denne gangen til fordel HIL (hurra). Tru det eller ei, men vi fikk straffe. Øyvind skora sikkert, og stillinga 6 – 1. Berre eit minutt etter dette var det fullstendig glipp i forsvaret til HIL. V/O sprang rett gjennom og kunne enkelt lage sitt sjuande mål for kvelden, 7 – 1 noko som også vart sluttresultatet. Så gjekk altså HIL2 på ei blemme i denne kampen, og tapte 7 – 1. Tapet var fortjent, men resultatet noko høgare en det burde vore. Uansett så er det ingen grunn til å tru at denne trenden vil fortsette. Spelarane er unge og har enorme muligheiter. Eg er overbevist om at det vert fleire sigrar på HIL2 utover sesongen.