Spelarvurderingar Vikane/Olden - HIL 2

Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best) Kjetil Grodås: KARAKTER 5 Spelar ein grei kamp. Kan lite gjere med måla som han slipper inn. Får lite hjelp med forsvaret. Spelar ute i 10 min, blir skada. Kristoffer Grodås: KARAKTER 5 Er sikker og god. Kan ikkje lastast for måla. Spelte ute i første omgang og gjer ting greit. Øyvind Lødemel: KARAKTER 5 Jobbar godt, men vert litt mykje slur og feilpasningar. Anders Elling Kristensen: KARAKTER 4 Var litt på hælane i dag, og fikk det ikkje til å stemme. Vart bedre i andre omgang når han vart flytta fram. Tor Øystein Muldsvor: KARAKTER 6 BB Jobbar godt også i dag. Spelar godt i midten bak i andre omgang. Stian Taraldset: KARAKTER 3 Fyrste omgang er veldig rufsete, men det vert betre når han kjem på midtbana i andre omgang. Geir Ove Fagerheim: KARAKTER 5 Litt slurv i dag, men spelar seg opp. Sturla Lødøen: KARAKTER 4 Jobbar godt, men det vert litt vanskelig til tider. Martin Seljset: KARAKTER 4 Spelar på det jamne. Får staffe mot seg, men det var ikkje staffe. Kjell Inge Flom: KARAKTER 3 Kjem ikkje skikkelig inn i denne kampen. Ole Christian Nygård: KARAKTER 5 Var ikkje heilt på hugget i dag. Jobbar godt, men ting vert vanskelig. Sindre Fannemel: KARAKTER 6 Spelar på det jamne, og gjer ting enkelt. Er godt å ha denne manne på bana. Erlend Nordnes: KARAKTER 5 Jobbar godt, men det vert vanskelig å jobbe på topp åleine.