6 Div kamp for HIL 2 mot Hyen på bortebane

Unggutane til HIL er klar igjen, og denne gangen er det Hyen som skal få storstilt besøk frå Hondalsgjengen. HIL reiser utover med følgjande mannskap : Kristoffer, Sindre, Ole Chr, Håvard, Martin, Tor Øystein, Knut Espen, Eirik, Geir Ove, Stian, Sturla, Øystein. HIL 2 har vist veldig gode takter på tidligare kampar, og eg regnar med at dei skal gje Hyen ein skikkelig kamp om sigeren. Avreisa vart satt til å vere 1630 frå Hydro, slik at dei som ønskjer å gje dei lykkehelsingar på vegen må møte opp då! Vi ønskjer HIL 2 lykke til med kampen i kveld.