Spelarvurderingar Hyen - HIL (6. div.)

Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best) Kristoffer Grodås: KARAKTER 6 Spelar ein flott kamp. Kan lite gjere med måla som han slepp inn. God på strek og i feltet, kan bli betre på igangsettingar. Sindre Fannemel: KARAKTER 7 Kapteinen for dagen spelar en god kamp, flink til å sikre, gode avklaringar. Ein av sjefane i forsvaret. Håvard Maurset: KARAKTER 8 BB Dagens klart beste Honndøl, rett og slett eminent. Gjer knappast ein feil heile kampen. Denne karen blir berre betre og betre utover sesongen. Ole Chr Nygård: KARAKTER 6 Kriger som vanleg, jobber og slit. Virker som han ikkje alltid heilt finn plassen sin i forsvaret. Likevel ein grei gjennomført kamp. Men vi veit potensialet difor..... Tor Øystein Muldsvor: KARAKTER 6 Gjer ein flott jobb som venstre back. Nokre slurvete avklaringar og tapte dueller. Men som resten av forsvaret ein god kamp. Stian Taraldset: KARAKTER 4 Ikkje dagen for Stian, mykje rusk og dårlege avklaringer. Står likevel på og jobbar den tida han er på bana. Likevel så veit vi at det bor meir i denne karen. Litt meir trening kanskje?? Geir Ove Fagerheim: KARAKTER 7 Jobbar og slit i 90 min. God kamp av ungguten. Tøff i duellane og bryt opp fleire potensielle Hyen angrep. Honndalen har mykje i vente av denne finslepne teknikkaren inna dala. Martin Seljeset: KARAKTER 4 Jobbar og står på, ein del bra, men det vert litt vanskelig til tider. Lite trening kanskje??, blir sliten. Unødvendig corner som førte til Hyen skoring rett før slutt. Øystein Heggen: KARAKTER 6 Spelar på det jamne, jobbar og slit i 90 min. Bør lukte meir gjennomspel som spiss! Gjer ein del fine ting med ballen men har mykje mykje større kapasitet. Eirik Kristensen: KARAKTER 5 Står på og jobbar godt, blir litt lett inn i mellom. Lite trening kan vi sjå?? Bra potensiale i denne karen og. Sturla Lødøen: KARAKTER 5 Var ikkje heilt på hugget i dag. Jobbar godt, men ting vert vanskelig. Prøver på for mykje med ballen på ei lita pinglete grusbane, det er dømt til å mislykkast. Uansett så er han og blir han ein kriger!! Mykje i vente frå denne karen og. Knut Espen Maurset: KARAKTER 4 Jobbar og står på, blir springande i mellom. Ein par tre viktige avklaringar dreg opp positivt. Treng og meir trening? Gunnar Grodås: KARAKTER 6 Den gamle storskoraren har fortsatt ikkje gløymt korleis ein spelar fotball. Lekre passningar, avklaringer og duellspel. Fektar og diregerar, fiksar eit gult kort til Hyen osv.osv. Litt temposvak men ken er ikkje det i den alderen. Det var nok med 2 x 15 min i denne kampen for Gunnar Gurglen Grodås.