Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Hyen-Hornindal2
Dato/tid: 20/5 kl. 19.00
Sted: Hyen sentralidrettsanlegg
Resultat: 2-1 (0-1)
Mål: HIL, Ø Heggen (str) 35 min
Hyen NN 65 min, NN 87 min
Kort:
Laget : ( 4-5-1 )
K Grodås
Sindre F, Håvard M, Tor M, Ole N,
Øystein H, Stian T, Eirik K, Martin S, Geir F,
Sturla L
Innbyttere (flygande) Knut M, Gunnar G
Vi som reiste med laget til Hyen viste at dette ville bli ei vanskeleg oppgåve. Hyen tapar nesten aldri på "grusløkka" si der ute. Ei bane som er ca 75 x 40 m. Og som vi spådde; Hyen gjekk igong med klikk klakk spel og stort trøkk frå fyrste pipeblås!! To til maks tre trekk frå midten før det enten kom innlegg, heading eller skot over og ved side av målet til Kristoffer og Honndalen. Heldigvis for oss så var dei ikkje presise i avslutningane sine. Etter kvart utover i omgången blei det betre frå vår side og vi klarte å etablere nokre spede angrep. Det skal og seiast at forsvaret med Håvard og Sindre i spissen rydda meisterleg opp gong etter gong. På eit av våre få raid mot Hyen(ca 35 min) fekk vi frispark på ca 20 meter skrått til høgre frå Hyen sitt mål. Ole Chr. gjer seg klar og smell til, via muren og bak mål, dommaren bles, kva?? corner??, neida straffe til Honndalen! E han galen han og tenkte dei frå Hyen? neida den gode dommar Rise frå Førde hadde sett ein kraftig dytt av keeper som pelma Håvard utom 5 meteren! Øystein gjer seg klar frå merket og klemmer han i nota, 0-1 i Hyen men dog ikkje heilt fortjent.... Litt av lufta gjekk ut av Hyen etter dette og fyrste omgång ebba ut med 0-1.
2 OMG
Hyen fortset med mykje ballkontroll men lang frå med so mykje trøkk som i fyrste omgång. Honndalen hang gått med og vi på benken øyna håp om poeng, ja kanskje heile tre poeng!! Dette håpet minska til et poeng etter 65 min, mykje klabb og babb i rundt Honndalsmålet før ein Hyar beina ballen i nota til 1-1(Ikkje heilt ufortjent...) Deretter bølga det fram og tilbake med store sjansar til begge lag. Honndalen hadde ein kjempestor der 5 spelarar var inne i 5 meteren foran keeper uten å klore ballen i mål. Så gjekk det som det ofte går etter kvart, i det 87 min. gav Martin ein unødvendig corner til Hyen. Kva skjer? , corner og bang i mål, 2-1. Etter dette køyrde Honndalen på i 7-8 min inkl. tillegg, mange sjansar men diverre, kampen ebba ut med 2-1 til Hyen. Alt i alt eit greit resultat, Hyen var best. Men med litt av dei berømte gullhåra i ræva kunne vi ha fått med oss eit poeng frå fiskerlandet.
Unggutane våre fortset og imponere og kjem til å ta mange poeng i årets 6 divisjon. Dette er ein gullstamme som vi får nyte godt av i årevis framover. Men det er viktig at flest mogeleg av dei unge blir med å trøkker på!! Det er ikkje vel nok at vi reiser til Hyen med 12 mann inkl. Gurglen. Vi har fleire en dette å ta av!!
|
|
|