Hornindal - Stryn 2
Dato/tid: 9/5 kl. 19.00
Sted: Hornindal Idrettspark
Resultat: 5-0 (2-0)
Mål: HIL, Terje 16, 30, Per Otto, 57, Morten 59, Stig Olav 85.
Laget :
Ola S
Kjetil S - Jan Rune O - Edvin H - Håvard M
Per Otto L - Endre L - Svein Olav S - Øystein Heggen
Morten T. - Terje F
Innbyttarar: Stig Olav Lødemel, Øyvind L, Sturla, Stian, Sindre F.
Så var det igjen duka for lokaloppgjer på Hornindal Idrettspark. Denne gongen var det Stryn2 som var motstandar. Ettersom HIL ikkje har vunne mot Stryn på 12 år, var det ein del nervøsitet i HIL leiren, noko som og prega opninga på kampen.
Etter 8 min. kom den første sjansen. Terje spelte Endre gjennom, men skotet var både laust og dårleg plassert. Minuttet etter var det Stryn sin tur. Oppheim skulle skjerme ballen til keeper Sætren, men ei misforståing førte til Stryn sjanse. Skummelt, men ikkje mål.
Øystein gjekk ut med strekk etter 10 min. og Øyvind kom inn.
I det 11. min. fekk Stryn ein god sjanse, etter ei god opprulling. Aleine med keeper, men utanfor.
Dei femten første minutta brukte Stryn den meste av energien sin på å klage på lite luft i ballen.
I det 16. min. slo Morten ei kjempepasning til Terje, med skudd som enda i corner. Corneren slo Solum perfekt mot første stolpe, der Terje stussa ballen i mål. Trekket var avtalt i garderoben før kampen. 1-0.
Solum gjekk ut med strekk i det 20. min. og Sindre kom inn.
30. min.: Kanonpasning frå Endre mot Terje, keeper Bolset er vakjen, men vert for sein mot lynraske Flåm. Terje fekk tåa først på ballen, og sett ballen i tomt mål frå 20 meter. 2-0.
Etter dette pressa Stryn hardt, og dei to sentrale midtbanespelarane til Stryn hadde kvart sitt kjempeskudd. Det eine enda i høgre stolpe og ut, og det andre i venstre kryss og ut. Det såg ut til at keeper Ola Sætren hadde full kontroll, for han bevega seg ikkje i det heile... ;)
Innimellom desse sjansane hadde HIL 2 halvsjanser.
Pause.
47. min: Ola har ei kjemperedning etter god Strynesjanse. Fem min. seinare dreg Morten seg fri framfor mål, og vert klart felt. HIL snytt for straffe! Tre min. etter dette igjen gjekk Edvin ut, og Stig Olav kom inn. Eit pussig bytte, etter mine auge. Men som Ola Roar sa: "Sesongen er longe!"
I det 57. min. rullar HIL fint opp på høgresida, med Per Otto i hovudrolla. Etter mykje fram og tilbake framfor Stryn sitt mål endar det heile med at Per Otto scorar på eit hard skudd til høgre for keeper Bolset.
2 min. etter dette kjemper Stig Olav godt på dødlinja, og legg inn til Morten som sikkert sett ballen i mål. 4-0.
Sturla kjem inn for Kjetil i det 80. min.
I det 83. min. viser Øyvind seg fram. Han lurer 4 Strynespelarar og sler deretter eit nydeleg innlegg til Morten, som diverre missar mottaket.
Fem min. før slutt kjem eit kjempeangrep frå HIL. Per Otto med god pasning til Øyvind, inne i midten brølar storoksen Stig Olav "Slå inn!!!!". Øyvind legg ei nøyaktig pasning, og Stig Olav scorar sikkert. Nydeleg angrep - nydeleg mål!
Kampen vart prega av mykje protestar frå Strynebenken, noko som smitta over på spelarane. Etter mi meining gjorde dommaren ein svært god jobb i denne kampen, men med 5 baklengs prøver ein ofte å finne ein syndebukk. Etter mi meining usportsleg og unødvendig frå ein så seriøs klubb.