Spelarvurderingar HIL - Stryn2

Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best). Ein må spele minst 1 omgang for å få karakter. Ola Sætren: KARAKTER 6 Ola spelar ein grei kamp, men har til tider kommunikasjonsproblem. Kan betre! Kjetil Svarstad: KARAKTER 6 Gjer ting enkelt og spelar på det trygge. Vart litt småskada etter kvart, og måtte til slutt byttast ut. Edvin Haugen: KARAKTER 8 BB Spelar ein veldig god kamp i midten bak. Klippen i forsvaret. Brøler og dirigerer og er god. Jan Rune Oppheim: KARAKTER 7 Er og god i midten, men noko småslurv trekk litt ned. Håvard Maurset: KARAKTER 6 Veldig god til å klarere og stoppe, men for dårlege avleveringar. God mann å ha på backen. Per Otto Lien: KARAKTER 7 Startar igjen på midtbana og viser hurtighet. Spelar godt og gjer det vanskeleg for Stryn. Bra! Endre Lødemel: KARAKTER 8 Viste at han ville slå skulekompisane frå første minutt. Jobbar enormt. Svein Olav Solum: For lite speletid for karakter. Ut etter ca. 20 min. med ein kraftig strekk. Får slått ein målgjevande corner før han går ut. Øystein Heggen: For lite speletid for karakter. Enda kortare opptreden enn midtbanemakker Solum. Går og ut med ein kraftig strekk. Morten Taraldset: KARAKTER 7 Jobbar godt på topp i lag med Terje. Sterk i kroppen og forstår korleis fotball skal spelast. Terje Flåm: KARAKTER 8 Eit ulmskt humør på Terje før kampstart. I dag SKULLE ballen i nota. Var ein konstant trussel, og veldig god. Sindre Fannemel: KARAKTER 6 Kjem inn og viser styrke på midtbana. Øyvind Lødemel: KARAKTER 7 Kjem inn og gjer mykje bra. Benken var visst inspirasjonskjelde, for Øyvind verka instilt på å vise seg fram i dag. Stig Olav Lødemel: For lite speletid for karakter Kjem inn på topp i andre omgang, og viser styrke og hurtigheit. Sturla Lødøen: For lite speletid for karakter Eit godt innhopp i 10 min.