Heimekamp for HIL 2 mot Sandane 2.

Tirsdag 27 mai er det ny heimekamp for unggutane til HIL, og denne gangen er det Sandane som kjem på besøk. Kampen går på Hornindal Idrettspark med kamptidspunkt 19.00. Etter 2 strake tap reknar vi med at Hornindal2 reiser seg på heimebane og gjev Sandane2 kamp om poenga. Den gode bortekampen mot Hyen(tap 2-1) ber snarleg bod om at nye poeng er innen rekkevidde. Sandane 2 har starta sesongen flott og ligg på 2 plass etter Hyen. Sist serierunde rundspelte dei Veten/Hardbagg og dunka 10 mål inn bak brilljesliparane frå "der vegen neste endar etter du har tatt av i blekksvingen". Etter kva vi veit så stiller Sandane2 på lik linje med oss eit ungt mannskap i denne divisjonen. Vi håpar og trur på ein jamn kamp der Honndalen sitt lag til slutt stikk av med poenga!! Dessverre er Eivind Skjerven blitt forhindra i å dømme kampen...., Ronny Stian Hopland frå Deknepollen blir difor kampleiar denne gongen. Det kan vel i bunn og grunn vere bra for hjartet det.....