Hornindal2 - Sandane2 : 1 - 2

Hornindal2-Sandane2 Dato/tid: 27/5 kl. 19.00 Sted: Hornindal idretspark. Resultat: 1-2 (0-1) Mål: HIL, Geir Ove Fagerheim, 60 Sandane NN 35 min, NN 87 min Kort: Laget : K Grodås Sindre F, Lars E, Tor M, Leif K, Øyvind L, Stian T, Johnny S, Stig O, Geir F, Sturla L, Anders E. Innbyttere (flygande) Knut M, Gunnar G, Kjell I, Torbjørn B. Så var det igjen duka for kamp til andrelaget til HIL, og Sandane2 var motstandarar. Med motvind i fleisen var det litt vanskelig dei fyrste minutta, men det kom seg etter kvart, og HIL fekk eit godt grep på Sandane. HIL hadde fleire store sjansar til å skore, men i staden var det Sandane som fikk det første målet. Keeper Grodås var ute og stoppa ein ball, men rygga tilbake i målet. Sindre skjerma ballen og ville at Grodås skulle plukke den opp. Den dårlige kommunikasjonen utnytta Sandane ved å sette ballen kontant i nota! 0 - 1! Etter dette heva HIL seg fleire hakk, men det var noko som mangla. Det siste sparket på ballen vart litt ukonsertrert, og skotet gjekk utanfor eller over. Omgangen ebba ut med 0 - 1. Andre omgans begynte slik som den fyrste slutta, der HIL var det dominerande laget. HIL skapte fleire gode sjansar, men det virkar som det var bestemt på førehand at vi ikkje skulle skore. Målet lot i alle fall vente på seg, men når det fyrst kom, ja så var det eit prakt angrep. Geir Ove braut på midten og satte fart. Slo ei pasning ut til Øyvind som låg på høgre flanke. Øyvind gjekk mot dødlingja, og slo perfekt ut igjen til Geir Ove. Fagerheimen ladda kanona og PANG, 1 - 1! Flott angrep, og flott mål! Nå begynte HIL å tru på siger, og det var veldig god jobbing. Som det brukar å vere i slike kampar, så er det det laget som pressar som får ein i trynet, og slik vart det. Sandane kom på ei kontring, og at keeper og forsvar var litt uheldige gjorde til at Sandane kunne skrive 1 - 2 i målprotokollen. Veldig synd, men ballen er rund, og fotball er og blir fotball. Slik ebba kampen ut, med siger til Sandane. Sjølv om det vart tap for HIL2 gjengen, så meinar eg at ein ikkje skal henge med nebbet. HIL viste god moral, og jobba veldig godt. Det vil alltid vere kampar der ein har skikkelig uflaks, og slik var det denne gangen. Om ein tel målsjansar i denne kampen, så kjem ein ut med 16 - 3 til HIL. Desverre så delar ein ikkje ut poenga til dei som vinn målsjansestatistikken! HIL2 kjem nok sterkare igjen, og med litt flaks så trur eg dette laget vil bite frå seg ut over sesongen!