TØFF VEKE I VENTE FOR HORNINDAL

No startar serien for alvor for HIL :-) seniorstallen skal igjenom fire kampar på ni dagar! Fyrste kamp er i 5 divisjon borte mot Hafslo 1/6, deretter borte mot Oppstryn 7/6 og heime mot Vadheim/Høyang2 9/6. I tillegg også heimekamp mot Veten/Hardbagg i 6 divisjon 10/6. Når ein og skal prøve å trene inn i mellom blir det stort sett å bo i fotballsko denne veka! Etter 4 av 6 poeng mot sterke motstandarar i 5 divisjon dei siste to kampane bør det vere håp om minst 6 nye i løpet av dei neste tre kampane. 6 divisjonslaget har tre strake tap bak seg og det er igjen på tide med nye poeng også her. Veten/Hardbagg som vi slo i fyrste serieomgang bør vere ei overkomeleg oppgåve for HIL2.