Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Hafslo-Hornindal
Dato/tid: 1/6 kl. 15.00
Sted: Hafslo Resultat: 2-1 (1-0)
Mål: HIL, Terje Flåm 60 min
Hafslo: NN 21 min, NN 50 min (straffe)
Kort: Hafslo 1
Laget :
K Grodås
Kjetil S, Edvin H, Endre L, Håvard M,
Øyvind L, Odd Arne B, Sindre F, Per Otto L,
Morten T, Terje F
Innbyttere: Kjell Arne V for Odd Arne B,
Erlend N for Øyvind L, Stig Olav L for Kjetil S,
Ole Christian N for Stig Olav L
BRENTE SJANSERS KAMP FOR HORNINDAL I HAFSLO!
Overskrifta seier det meste om denne kampen som Honndalen burde ha vunne komfortabelt. Men en grisestor spiss, straffe, svak dømming og brente sjanser i fleng sende oss heim poenglause frå Hafslo.
Kampen starta friskt frå begge lag og Hafslo tilreiv seg eit lite overtak utover fyrste omgang. Mykje av grunnen for dette overtaket var at midtbana til Hil ikkje funka i det heile. Fyrste og andre ballar blei vunne av Hafslo og pumpa framover til gigaspissen deira. Heldigvis var ikkje kvaliteten på avslutningane deira i ypperste klasse. Etter ca 20 min får Terje ei kanonpasning igjenom og spring frå heile Hafslo forsvaret og alle på benken såg ballen i mål, men som overskrifta seier, NEIDA!! Rett etter denne kanonsjansen til Terje bommar Edvin på ei avklaring inne i 16 meteren og vips 1-0 til Hafslo. Etter dette var omgangen relativt jamn men med eit par store sjanser til Honndalen som ikkje ville i nota. Legg også til at endringa med å skyve Sindre ned i forsvaret samtidig med å flytte Endre opp på midten funka mykje betre i eit 4-4-2 system som vart spela frå start.
I pausa la trenarteamet om til 4-3-3 og Odd Arne gjekk ut til fordel for Kjell Arne.
2 omgang starta med midtbanekrig og eit vist overtak til Honndalen. I det vi startar å sette spelet riv Edvin spissen til Hafslo overende utanfor 16 meteren. Den store kolossen ramlar inn i 16 meterfeltet og hyler og ber seg!. Dommaren bles frispark og markerer rett utanfor 16meteren. Hafslo spelarane ropar og brøler at det er straffe. Jasså var det innafor sei dommaren?? Ja seie Hafslo, nei seie Honndalen!, ok seier dommaren og flyttar frisparket til straffemerket. Tru det dei som vil!!, dette er faktisk tilfelle.
Eit tigersprang frå Kristoffer er ikkje nok,
2-0 til Hafslo etter 50 min er eit faktum.
Etter dette setter Honndalen igang et stormløp mot Hafslomålet og etter ca 60 min banka Terje inn reduseringa til 2-1. Honndalstrykket resulterte i skudd i treverk, tre, fire redningar på strek samt ein ball som Terje hevdar var minst ein halv meter inne uten at dommaren brydde seg om det. Nei det var ikkje Terje, Morten, Øyvind, Endre etc. etc sin dag, ballen ville ikkje over streken meir en denne eine gongen. Berre i 2 omgang produserte Honndalen eit to sifra antal store, store sjansar uten å lykkast. No må vi berre erkjenne at det foreløpig er lang fram til toppen i divisjonen etter poengtap i Hafslo. Vi har 2 nye kampar den neste veka og mykje kan bli endra på tabellen etter desse kampane. Det som er positivt er at vi produserer veldig mange sjansar og at vi er dominerande i banespel. Når vi scorar på sjansane våre blir vi ikkje lette å ha med å gjere utover sommaren og hausten. Skader har og innverknad på laget, tre-fire rokkeringar kvar kamp er ikkje bra. Reknar med at eit par sentrale er tilbake mot Oppstryn og at vi då kan få satt laget igjen. Positivt ellers at Kjell Arne er tilbake og han får vi bruk for utover, det viste 2 omgangen i går!! |
|
|