Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best)
Kristoffer Grodås: KARAKTER 7
Unge Grodås gjer ein flott match i sin fyrste kamp i 5 divisjon. Litt smårusk dreg ned men flotte redninger og gode igangsettingar. Blir ein knallgod keeper!
Sindre Fannemel: KARAKTER 6
Ein bra kamp av ungguten, krigar og kjempar på. Meir komfortabel med jobb i forsvaret. Tar seg elegant av den store spissen deira.
Edvin Haugen 5
Mykje bra frå Edvin også denne kampen men også ein del haudelaust. Involvert og uheldig i begge Honndalens baklengsmål i denne kampen. Dette kan Edvin betre!
Kjetil Svarstad: KARAKTER 6
På det javne, ein del slurv ved avklaringar men ellers ein ok kamp. Held fortsatt ikkje 90 min, det dreg litt ned.
Håvard Maurset: KARAKTER 6
Gjer ein bra gjennomført kamp, krigar og står på til siste fløytepip. Unggutane står kamp etter kamp igjennom 90 min! Dette står det respekt av og noko å lære av for kvar og ein!
Endre Lødemel: KARAKTER 7BB
Nok ein god kamp av Endre, kan nok betre men alt i alt Honndalens beste. Krigar og vinn, tar enormt mykje i lufta. Spring mange, mange, mange meter i løpet av kampen. Burde ha scora mål!!
Odd Arne Bergset: KARAKTER 4
Ikkje dagen til Odd Arne, tapar dei fleste duellar og leverer dårlege passningar. Ein skade i kneet tidleg var vel og litt av årsaken til ein svak kamp. Kjem sterkare igjen denne karen. God kondis har han og det er godt å bygge vidare på.
Øyvind Lødemel: KARAKTER 5
Jobbar godt men slit med avleveringar og ikkje minst plassering på midtbana. Slit med å vere breddeholdar frå sin kantposisjon. Beire utover etter at ein la om til 4-3-3.
Per Otto Lien : KARAKTER 6
Jobbar og slit, egentleg det same som Øyvind, problem med plassering. En grei kamp av Per Otto.
Som potet i denne kampen, midtbane, spiss og deretter forsvar til slutt.
Morten Taraldset: KARAKTER 7
Gjer veldig mykje bra offensivt, jobbar knallhardt. Fine innlegg og dribblinger, finter i god Morten stil. Bør score eit par mål i denne kampen.
Terje Flåm: KARAKTER 7
Gjer ein god kamp, viser si enorme hurtigheit i denne kampen. Scorar eit, burde absolutt scora eit par tre til.
Kjell Arne Vartdal: KARAKTER 6
Gjer ein flott inntreden med sitt spinkle treningsgrunnlag. Viser at vi treng denne karen på midten framover. Kjem nok sterkare og sterkare etter kvart. Godt å ha han heime igjen!
Dei andre reservane gjorde vel i bunn og grunn jobbane sine i dei minutta dei spelte. Stig Olav gjekk inn og deretter ut med strekk desverre. Ingen av desse, Ole Chr, Erlend, Stig Olav hadde nok speletid til å få karakter. |
|
|