Oppstryn-Hil 5 div lør 7/6

Fyrstkomande laurdag kl 15.00 er det nok eit lokaloppgjer på gang i årets 5 divisjon. Då braker det laust på Lund stadion mellom Oppstryn og Hornindal. Oppstryn har tre sigrar, eit uavgjort og eit tap, og ligg med det på andre plass på tabellen med betre målskilnad en Selje og Stryn2. Det er no viktig at Hornindal reiser seg etter det forsmedlege tapet mot Hafslo forrige runde. Det blir heilt sikkert eit tøft og jamnt oppgjer og håpet er at Hornindal dreg det lengste strået til slutt. Troppen er ikkje klar men det som er sikkert er at Svein Olav, Øystein og Jan Rune er tilbake etter skade. Stig Olav, Øyvind er fortsatt ute med skade samt at Edvin og Håvard er vekke denne helga. Med Kjell Arne og Lars Erik tilbake så bør vi klare å sette ein interessan og sterk tropp til denne kampen. Håper at nokre Honndøler og tek turen til Lund for å fylje laget til forhåpentligvis årets andre siger. YNSKJER LAGET LUKKE TIL MED KAMPEN!!!