Hornindal-Vadheim
Dato/tid: 9/6 kl. 15.00
Sted: Parken i Hornindal Resultat: 4-1 (2-0)
Mål: Morten, 4min, Endre, 28 min, Edvin, 46min, Per Otto, 84 min
Vadheim: NN, 68 min.
Kort: HIL, Øystein
Rødt til ein Vadheimspelar
Laget :
K Grodås
Edvin H, Oppheim, Sindre F,
Solum, Endre, Fagerheim, Vartdal, Per Otto L,
Morten T, Øystein.
Innbyttere: Sturla, Ole Chr
Så skjedde det igjen, det som mange har venta på, nemleg at HIL igjen skulle vinne ein fotballkamp. Reine flagg-dagen her heime i dag, og det var grunn til å heise flagget. Det var virkelig festfotball på gamle bana i Honndalen i dag. Eg veit ikkje kva trenarane har sagt og gjort, men eg veit berre at det hjalp. Gutta kriga frå første sekund, og brukte heller ikkje mange sekunda på å greie å sette første ballen i mål. 1 – 0 og det etter 2 min. Ja målet kom faktisk så tidleg at underteikna ikkje var komt på plass med penn og papir. Fikk vite at det var eit stongskot som Morten plukka opp og satte kontant i nota. Ein trong ikkje å vere supporter til HIL for å meine at HIL hadde full kontroll. Det vart kjempa enormt av alle mann, og det var ei innstilling på spelarane som var heilt utrulig. Det tok ikkje så mange minutta før HIL igjen kunne notere eit nytt tal i målprotokollen. Denne gangen var det Endre som skulle vise seg fram. Ei kjempepasning i bakrommet der Endre låg og lukta, åleine med keeper, og vips 2 – 0.
HIL hadde no full kontroll på kampen og trilla ball som om dei ikkje har gjort anna heile livet. Den litt merkelige start-formasjonen viste seg å vere genial. 3-1-4-2 var i denne kampen faktisk heilt utmerket, og vi fekk den uttellinga som vi har venta på lenge.
Eg vil trekke dette så lang som å seie at i første omgang var det berre eit lag på bana, og resultatet var ikkje ufortjent.
Andre omgang starta like eksplosivt som den første, og HIL fikk ei skoring før det hadde gått 3 min. Denne gangen var det forsvarsoksen Edvin som stanga ballen i nota. God kjemping og godt innlegg var grunnen til dette. Etter dette dala kampen litt, og det vart litt snodig fotball. Ja det vart faktisk så snodig at Vadheim greidde å skore. Kvar dette målet kom frå var ingen som viste, men mål vart det og altså 3 – 1.
HIL kunne ikkje tape dette, og fikk igjen bitt tenna saman. God og beinhard jobbing av alle er grunnen til at dette gjekk HIL sin veg. Det siste målet til HIL er som henta rett ut av læreboka. Oppspill på Ole Chr som spring gjennom, og dunkar ballen skrått mot bakerste stolpe (Eg trur nok dette skulle vere skudd på mål??) der dukkar Per Otto opp, og tru det eller ei, men han greier og sette balle i mål, 4 – 1 !!
Resultatet er ikkje feil i denne kampen. HIL brente veldig mange sjansar, så det hadde ikkje vore så veldig gale om målprotokollen hadde hatt eit høgare tal, f.eks 7 - 1 ??
Ein enorm lagsiger til HIL dette. Alle på bana viste ein enorm moral og vilje til å stå på. GRATULERER alle mann!!! No ser vi alle kor viktig det er å ha ein vilje! La for all del denne viljen vere med dåkke vidare, då kjem resultata av seg sjølv!