Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Oppstryn-Hil
Dato/tid: 7/6 kl. 15.00
Sted: Lund Stadion, Oppstryn Resultat: 5-2 (4-1)
Mål: Endre 40 min., Morten 80 min.
Oppstryn: NN, 12,18,25,36,70 min.
Kort: HIL, rødtkort Terje Flåm
Laget :
Ola S,
Lars K, Sindre F,Jan O, Kjetil S
Svein S, Endre L,Kjell V, Per L,
Morten T, Terje F
Innbyttere: Ole H, Geir F, Øystein H
Så var dagen der for nok eit lokaloppgjer i 5 div.
Kampen gjekk på ei flott grasbane på Lund Stadion. Honndalen gjekk ut i eit knallhardt tempo og tilreiv seg 100% overtak frå fyrste spark på ballen. Dei 10 fyrste minutta var eigd av Honndalen og burde ført til ein minst 2-0 ledelse. Kjell Arne, Morten, Terje, Svein Olav og Endre hadde alle store sjansar som burde ha resultert i mål. I staden gjekk det som det ofte går når eit lag presser på uten å lykkast, Oppstryn skora på ein corner og vips 1-0 etter ca 12 min spel. Derifrå og ut vart kampen prega av personlege feil hos Honndalen noko som eit effektivt Oppstrynslag utnytta godt, og etter 36 min sto det 4-0 til Oppstryn. Ei knallperle av eit mål frå Endre gav pauseresultat 4-1. I Pausa vart vi enige om å gå ut og gjere eit ærleg forsøk på å hente inn tre måls leiinga til Oppstryn noko som faktisk etter spel og sjansar i fyrste kunne vere mogeleg. Etter 5 min spel sprakk dette håpet i ein galakseeksplosjon, Terje sparka etter ein Oppstrynsspelar og rødt kort og farvel i denne kampen. Etter dette la Honndalen om til ein trebacks variant og trykka på så godt som mogeleg med ein mann mindre på bana. Resten av kampen er ikkje so mykje å skrive heimatt om og enda med kvart sitt mål til begge lag. Det positive er at vi faktisk slo Oppstryn dei siste 50 min og då med 10 mann. Fyrste omgang og dei personlege feila gløymer vi og ser fram mot nye kampar som kjem tett som hagl framover. Nytt slag mot Vadheim/Høyang2 9/6 og deretter 15/6 mot Førde 2. Begge kampane heime i Honndalen. |
|
|