Referat HIL2 - V/H : 3 - 3

Så var det beintøffe lokaloppgjeret mellom dei to innavlsbygdene eit faktum, og spelarane slipa skruknottane sine og var klare til kamp. Begge lag stilte mannsterke og hadde faktisk ein heil innbytar kvar. HIL hadde veldig store muligheiter til å få ei pang opning då Erlend var åleine mot keeper allereie etter 4 min. Dessverre var det for tidlig i kampen til at han fekk roe nervane, og skotet gjekk utanfor. Etter 10 min var det keeper Sætren sin tur til å vise seg fram. Han låg som eit slips ute med stolpen og redda HIL frå å få eit baklengs. Slik var det gjennom store delar av kampen, sjansar i begge retningar. Ettersom underteikna ikkje fekk med seg heile kampen er det vanskelig å gje nokon detaljert skildring av kampen, men kan informere om at Mr. Sæbø gikk ut med ein, tja, strekk?? Det såg ut til at HIL skulle gå av med sigeren, men i det 89 min var Johnny Seljeset uheldig og felte Tytingvåg. Straffe!! Det store spm var korleis Tytingvåg skal få saudene ned frå fjellet dersom han ramlar så lett.. Nei straffa kan nok ikkje diskuterast, og mål vart det, 3 – 3 noko som også vart sluttresultatet. Om ein skal sjå kampen under eit, så var nok dette eit greit resultat. Begge lag kunne avgjort til sin fordel, men slik var det ikkje, og eg trur begge laga er nøgde med poengdeling på gamlebana i Hornindal.