Hornindal-Vadheim
Dato/tid: 15/6 kl. 15.00
Sted: Parken i Hornindal Resultat: 6-1 (4-0)
Mål: Endre, 6(str), 20(str), 55, Morten, 14, 70, Per Otto, 30
Førde: NN, 86 min.
Kort: HIL, Solum
Laget :
O Sætren
Edvin H, Oppheim, Kandal,
Solum, Endre, Svarstad, Vartdal, Per Otto L,
Morten T, Øystein.
Innbyttere: Sindre, Geir Ove, Odd Arne, Håvard.
Siste heimekamp vart det sagt frå sidelinja :"Neste helg skal vi grave ned Førde!" Det var ein av trenarane som uttalte dette, og det kunne sjå ut som han har trena laget til å få det til. HIL starta som sist med ein 3´ar heilt bak. I starten av kampen såg det ut som dei sleit litt. Var litt usikre, dårlege klareringar og unødvendige frispark. Dette gjorde at Førde heilt klart hadde overtaket dei første 10 min, men då snudde det. Solum vart spelt gjennom, og den ”gamle” Mr. Solum fikk det han ville, straffe! Endre gikk fram og skulle sette straffa, noko som for han var enkelt. 1 – 0 og HIL hadde fått den opninga som dei trengte. Etter dette vart det veldig mykje HIL. Dei spelte verkeleg fotball, og då er dei ikkje så gode og stoppe. Dette var ein kamp for heimepublikumet, og dei ca 80 frammøtte fekk sjå eit fyrverkeri av ein fotballkamp. Med knallhard jobbing i alle ledd, så vart Førde fullstendig rundspilt, og det var moro og sjå på. Morten var i skikkelig humør i dag, og han fekk sette 2 – 0 målet. Det gjorde han på ein elegant måte, der han sjølvsagt måtte drible av nokre Førde spelarar. Ikkje lenge etter dette var Morten igjen på ferde, og her måtte forsvararane til Førde bruke ureine metodar for å greie og stoppe han, STRAFFE igjen! Endre gjorde seg klar igjen, og sette ballen på same plass som ved fyrste straffa, 3 – 0. Det er ikkje enkelt og skrive referat i ein kamp der HIL hadde full kontroll, for ein kan ikkje nemne alle sjansar og duellar. HIL gjekk til pause med 4 – 0 som resultat, og det var ein munter gjeng som ”slurpa” i seg drikke….
Andre omgang starta HIL igjen litt haltande, og det var Førde som tok ein liten kommando. HIL greidde og jobbe seg inn i kampen, og tok etter kvart over. Når dei så fikk det 5´te målet, så var for alvor denne kampen over. Dette målet var forresten ei perle. Oppheim slo ei kjempe pasning frå midtbana til bakerste stolpe. Der var Endre, dempa ballen, for så å gjere det komplett for keeper ved å slå tunnel og skore!
Moralen i laget er eg imponert over. Det er noko som har skjedd, kva veit eg ikkje, men det virkar! Alle på bana sprudlar, og det ser ut som dei har det moro. Når ein då også skorar 6 mål, så er det også morosamt for publikum. Om det skal vere noko og pirke på, så må det vere at vi slepp inn ein heilt unødvendig mål. Uansett, 6 – 1 er eit resultat som eg meinar forklarar kampen veldig godt. Eg bøyer meg i støvet og gratulerar!