Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Eit heller tynt andrelag reiste til Breim for å prøve å slå Breimsbygda, noko som viste seg å vere vanskelig. HIL reiste med 10 mann og ingen målmann, noko som førte til at trenar Gunnar måtte stå i mål. Utan innbytarar vart det tungt, og ut frå dei tilbakemeldingane som eg har fått så var det eit resultat som ikkje kan seiast noko på. Her er mange som legg ned mykje tid og krefter på at HIL skal stille 2 lag i serien. Grunnen er sjølvsagt at flest mulig skal ha eit fotballtilbod. Det er då beklagelig at somme har "snodige" grunnar for å ikkje møte på kampar som vi har. Det er mange unge spelarane som har ei framifrå innstilling, og yter maks på kvar ein einaste kamp. Også på kampen mot Breimsbygda vart det kjempa godt, sjølv om mannskapet var litt i minste laget. Eg håpar berre at alle får ei slik innstilling der ein er interessert i å gi alt i kvar kamp. Eg meinar at trenarteamet fortjenar det ut frå den innsatsen som dei legg ned for fotballen i Honndalen. |
|
|