Tempo FK-HIL søndag 22 Juni

Fyrstkomande søndag spelar Hornindal vårens siste seriekamp i 5 divisjon borte mot Tempo FK. Kampen går i Florø kl. 18.00. Grunna Grodås Cup so er mange av våre seniorspelarar opptekne laurdag og delar av søndag, og difor er kamptidspunktet flytta frå 15.00 til 18.00. Tempo FK ligg sist på tabellen med tre poeng og BØR vere ei overkomeleg oppgåve for HIL dersom ein ser blint på tabellen. Eg trur likevel at dette blir eit tøff batalje mot eit lag som har kniven på strupa når det gjeld poengsanking. HIL har og vist seg svake på bortebane i vårsesongen og kun tatt et av ni moglege poeng. Vi håpar det snur til helga og at vi kan avslutte med nok ein siger,, og at vi dermed kan vere med å sloss om ei topp plassering utover haustsesongen. Skulle vi derimot gå på eit tap blir det laaaaaaangt opp til toppen i divisjonen. LUKKE TIL MED AVSLUTNINGSKAMPEN i FLORØ!!