Kampreferat Tempo FK-HIL : 5 - 3

Grunna avvikling av Grodås Cup denne helga var dei fleste opptekne og det var kun Ola Roar som reiste saman med laget til Florø. Etter ein kort telefonsamtale med Ola Roar søndag kveld kunne ein oppsummere nok ein rotete bortekamp for Honndalen som enda med tap 5-3. Spelarane gjer ikkje jobben sin og motspelarane får sette inn enkle mål. Pauseresultatet var 3-1 til Tempo FK. Honndalen hadde igjen flust med sjansar som havna alle andre plassar en inn i mål der dei skal! Fleire sentrale spelarar havna tidleg på sidelinja med skade, først Endre med strekk etter 15 min og deretter Kjetil, Øystein og Per Otto. Måla til Honndalen vart scora av 2 x Morten og 1 x Håvard. Honndalen fortset å slite på bortebane og har berre tatt eit poeng av tolv totalt. Dette må bli mykje beire til hausten dersom vi skal overleve i divisjonen. Slik som situasjonen er no så er vi fortsatt eit lag som varierar frå det briliante til det elendige. Vi må no slutte å sjå oppover på tabellen men heller konsentrere oss om å trygge plassen i 5 divisjon dette året. Vi får prøve å sy saman ein børs når vi har fått fatt i spelarvurderingane til trenaren. No ynskjer vi god fotballferie i 5 div.