Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Den 3 august for 50 år sidan kom det ein liten stor fotballspelar til verda. Med sin blendande teknikk og si enorme hurtigheit herja han banene i Sogn og Fjordane i årtider. Kor mange mål denne karen har scora veit han vel knappast sjølv. Då han skjønte at han måtte få stell på alle pengane han tjente på fotballen utdanna han seg innen økonomi. I årevis var han dagleg leiar for Rekneskapslaget her i Honndalen. Utanom noke lite rekneskapsarbeid for landbruket var det stort sett forvaltning av eiga fotballformue som fekk dagane til å gå. Men etter kvart så satte mange fotballår også spor etter seg i det lille fotballgeniet innja dalen. Når det tok eit kvarter å knyte skona forsto han at seneteppet var ved å falle. Dette tok slett ikkje humøret frå denne karen, han engasjerte seg som trenar, oppmann, formann, gudane vete kva han ikkje var med på i ei lang periode. Mange honndøler kan takke nettopp denne karen for at dei fekk ta del i eit samansveisa fotball og idrettsmiljø.Vi i HIL fotball har mykje å takke deg for Håkon!, Gratulerer så mykje med 50 års dagen 3 August. Fest ikkje med måte og for ein gongs skyld, gløym at det kjem ein dagen derpå. Ps! Det er snart klart for veteranturnering i Stryn igjen... |
|
|