Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Fyrstkomande søndag kl 15.00 er det seriekamp i 5 divisjon mot Sogndal3. Sjølv om Sogndal3 ligg sist på tabellen så blir dette nok ein tøff kamp. Begge lag må vinne for å unngå å bli hengande i nedrykksgjørma utover hausten. Med siger og tre poeng til Honndalen vært det ei stor luke ned til nedrykksstreken. Med tanke på tre bortekampar på rad mot Loen, Selje og til slutt Stryn skjønnar vel dei fleste kor viktig det er med siger til helga. Det har og vore spekulert i at Sogndal3 ikkje kan stille lag til helga og at det difor ikkje blir kamp. I og med at Sogndal3 ikkje kunne stille lag til kamp mot Selje i vår så vil konsekvensen denne gong bli at Sogndal3 blir eksluderte frå serien. Dette vil føre til store bøter noko eg trur Sogndal vil unngå. Trur nok heilt klart at dei klarer å skrape saman eit lag til kampen mot Honndalen på søndag. Vi må uansett berre forberede oss som vanleg, trene godt og gjere oss klare til dyst til helga.
LYKKE TIL MED KAMPEN!! |
|
|