Referat Loen - Hil : 7 - 4

Loen-Hornindal Dato/tid: 8/8 kl. 19.00 Sted: Loen Stadion Resultat: 7-4 (3-3) Mål: Svein Olav 6min,Morten 16,20min,Terje 91min Loen: NN 27,36,40,51,64,67,77 Kort: HIL, Endre, Terje Laget : 4-4-2 O Sætren K Svarstad, E Haugen, T Flåm, Ø Heggen JR Oppheim, SO Solum, KA Vartdal, OA Bergset M Taraldset, E Lødemel Innbyttere: Sindre, Geir Ove, Erlend So var vi nok ein gong klare til kamp mot Loen. Dette var fjerde møtet i år og vi håpa å skake topplaget i divisjonen. Honndalen starta friskt og knalla til frå start, allereie etter 6min klinka Solum ballen i nettet med eit utsøkt volleyskudd. Honndalen pressa Loen bakover og vertane såg ikkje ut som eit topplag. Med fire minutts mellomrom i det 16 og 20 min skora Morten og Honndalen leia brått 3-0 mot Loen!! Presset holdt seg oppe i den første halve timen og Honndalen var på nippet til å gå i 4-0 leiing. Kva skjer så i varmen på Loen stadion?? derifrå og ut resten av kampen gav Loen oss ein leksjon i effektiv og flott fotball med 7-1!!! den siste timen! Vi blei springande imellom og dei spela til tider ball i hatt med oss. Eit reduseringsmål i det 91 minutt var ikkje mykje til hjelp og vi kunne reise heim med 7-4 tap. No skal det seiast at vi spelte mot eit lag med enorm sjølvtilit om dagen, det meste flyt Loen sin veg. Trur ingen klarer å stogge Loen i deira ferd til 4 divisjon. Kva so med Honndalen?, mykje positivt og særs godt spel til tider. Likevel må periodane bli lengre om vi ynskjer å hamle opp med dei to tre beste laga i serien. Dei aller fleste lag ville bukka under etter 3-0 på 20 min., men dessverre ikkje Loen.