Spelarbørs Loen-Hil

Karakterar frå 1 - 10 (1 dårlegast - 10 best) Ola Sætren: KARAKTER 6 Bra kamp av Ola sjølv om det vert 7 baklengs. Betre og betre med kommunikasjon. Kjetil Svarstad: KARAKTER 6 Ein kamp på det javne, gjer ikkje dei store feila. Vert lurt eit par gonger av Loen sine kantspelarar. Edvin Haugen: KARAKTER 5 Ikkje heilt på hugget i dag heller, følte seg tom og daff i kroppen. Kan betre en dette. Terje Flåm: KARAKTER 6 Viser klasse dei fyrste 40min, blir sliten og gjer nokre enkle feil då. Flytt fram som spiss siste 15min, scora eit mål. Øystein Heggen: KARAKTER 5 Ok kamp på uvanleg plass, noko feilplassert samt vansker med å ta ut mann mot mann. Er nok betre på midtbana. Jan R Oppheim: KARAKTER 6 Positiv på venstre midtbane, vert tungt å springe opp og ned langs sida heile kampen. Trur likevel det er midtstoppar som er plassen for Oppheimen. Kjell Arne Vartdal: KARAKTER 5 Ein skugge av seg sjølv, uvanleg mykje dårlege mottak og passninger frå denne kanten. Slit med ein vond fot som nok hemma han. Bytt ut etter ca 70 min. Svein O. N. Solum: KARAKTER 6 Kanonmål av Solum!! Ellers på det jamne. Blir som resten av forsvaret og midtbana springande mykje imellom når Loen sett inn høggiret sitt. Blir som dei andre sliten etter kvart. Odd A Bergset: KARAKTER 5 Jobbar og slit heilt til krampa tek han, ingen ting å seie på innsats. Likevel alt for mange gode sjansar borte grunna svake mottak og pasningar. Endre Lødemel: KARAKTER 6BB Det blir mange meter på Endre i løpet av ein kamp! Spring og spring, trussel mot Loen heile fyrste 30 minutta. Vinn mykje i lufta og jobbar godt bakover på bana. Burde ha vore flytta bakover etter 3-0 til Honndalen Morten Taraldset: KARAKTER 6 Skorer 2 fine mål og er ein stor trussel mot Loen den fyrste halve timen. Går litt småsur og lei når det butter og det innverkar på Morten sitt spel. Bruker for mykje krefter på å snakke til dommaren. Blir bytta ut etter ca 70min med krampe i begge beina. Sindre, Geir Ove og Endre hadde for lite speletid til å kome med på børsen.